Kva får Førde igjen for ein dag utan billettinntekter?

Foto: Arve Ullebø

Kva eit born får oppleve i Førde, skal ikkje berre vere avhengig av kva familien kan betale for. Derfor er Bornas Verdsdag gratis. Bak den opne døra ligg månader med arbeid, kunstnarleg kompetanse og eit ønske om å gjere heimbyen vår til ein stad der fleire kjenner seg heime.

På ein verkstad får borna prøve eit instrument dei aldri har sett før. På ein lærer dei dansetrinn frå ein annan del av verda. Og på Verdsscena står barnehageborn som har øvd saman med distriktsmusikarane i vekene før.

For Førdefestivalen er Bornas Verdsdag ein viktig del av arbeidet gjennom året. Her brukar vi erfaringa vår med musikk og tradisjonar frå heile verda til å skape noko for dei yngste, midt i Førde.

Ein heil dag å vere nysgjerrig

På Bornas Verdsdag skal borna få delta. Dei skal kjenne rytmen i kroppen, prøve sjølve og oppleve at dei får til noko nytt. Verkstadane skal gi kjensla av å vere på besøk i eit anna land. Gjennom dekor, musikk, dans og aktivitetar får familiane små møte med tradisjonar frå mellom anna Brasil, Noreg, Zimbabwe og Uganda.

Artistane må både vere knallgode på sitt felt og kunne formidle det til borna. Det krev eit eige handlag å få ein fireåring til å våge å prøve.

seier Sølvi Lien, Direktør i Førdefestivalen, som er midt i førebuinga av Eventyrhola.

Programmet blir sett saman med omtanke for ulike aldrar og måtar å delta på. Nokre verkstader inviterer til dans, andre til å lytte, sanse eller utforske instrument. Ein familiekonsert gir små og store ei felles oppleving.

Gratis er eit bevisst val

Med gratis inngang kan ein familie komme innom utan å måtte vurdere om opplevinga er verd billettprisen. Det blir lettare å prøve noko ukjent, ta med alle borna og la nysgjerrigheita bestemme.

– Vi ønskjer at Bornas Verdsdag skal samle eit breitt og mangfaldig publikum, seier Lien. Då må vi også gjere noko konkret for at fleire skal kunne delta.

Å fjerne billettprisen er eitt slikt grep. Ambisjonen er at born som elles ikkje nødvendigvis ville oppsøkt dei same kulturtilboda, skal få møtast, danse og lære noko saman.

Verda finst også i nabolaget

Mange av kreftene som bidreg til Bornas Verdsdag, bur i Sunnfjord og omegn. Dei har med seg kunnskap, språk og tradisjonar som fleire fortener å bli kjende med.

For nokre born er dette eit møte med noko heilt nytt. For andre er det noko dei kjenner frå sin eigen familie. Det betyr noko å få vise klassekameratane ein dans, ein song eller eit skriftspråk ein sjølv har eit forhold til. Den dagen kan det vere du som kan noko dei andre gjerne vil lære.

Slik kan Bornas Verdsdag gi både vidare horisontar og stoltheit over eigen bakgrunn. Og kanskje blir ein litt betre kjend med nokon ein allereie møter i skulegarden.

Arbeidet byrjar lenge før dørene opnar

Produsentane våre planlegg dagen over lang tid. Distriktsmusikarane besøker barnehagar fleire gonger, slik at borna får øve og bli trygge før dei skal stå på Verdsscena. Saman med samarbeidspartnarar utviklar vi kreative aktivitetar og konkurransar.

– Heldigvis har vi med oss kommunen og Førdehuset, som er ein ypperleg stad å arrangere ein slik dag.

Ho legg til at romma, krikane og krokane i huset gir plass til ei heil verd av opplevingar.

Førdefestivalen samlar fagfolk og lokale krefter om opplevingar som gjer byen rikare å vekse opp i. Utan samarbeidspartane våre hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre.

– På Bornas Verdsdag brukar vi det vi kan, til å opne verda litt for borna som bur her. Døra skal vere open, også for familien som elles måtte ha sagt nei.

Neste
Neste

Kven sa at folkemusikk ikkje høyrer heime på nattklubb?