Heile programmet klart!

Barokksolistene og Mamelukk kjem sjølvsagt til Førde med The Dancers Brew!

Musikk & språk er tema for 35-årsjubileet til Førdefestivalen, 2.-6. juli. -Vi opplever dette som eit svært aktuelt tema i ei tid då verda er meir uroleg enn på lenge, og der språk og retorikk er med på å skape polarisering, seier festivaldirektør Sølvi Lien. Både språk og folkemusikk seier noko om kvar vi høyrer til, ein kulturell adresselapp som skaper identitet. Det er akkurat 85 år sidan invasjonen av Noreg, og kultur er no del av stortingsmeldinga om totalberedskapen i landet vårt. Samfunn rike på kunst og kultur gjev oss evne til å sjå fleire perspektiv, og skape ein felles identitet som verkar samlande og førebyggande mot krig.

På Førdefestivalen får publikum lytte til musikk dei ikkje har høyrt før og songar på språk dei ikkje forstår. Likevel talar musikken til dei og fortel historier frå heile verda. -Slik har det vore i alle dei 35 åra vi har arrangert festival, og vi veit at mange kjem fordi dei opplever denne samlande krafta i folkemusikken, seier festivaldirektøren.

 

Benju-meisteren Ustad Noor Bakhsh frå Pakistan er ein av dei du får oppleve på NATT PÅ MUSEET.

Nye arenaer og nytt konsept

-Dessverre kan vi ikkje vere på Jølstramuseet i år, men i staden blir det nytt konsept og nytt museum. Saman med Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterer vi til Natt på museet, med konsertar, dans og små kunstaktivitetar på heile huset, etter opningskonserten torsdag. Eg trur det blir kjempegøy, seier ein entusiastisk Lien.

Gøy blir det også når Sentrum Sør og Langebrua vert arena for festivalfrukosten laurdag morgon. Med kokkelauget som samarbeidspart, inviterer festivalen til jubileumsfrukost på det flunkande nye ‘åkle-teppet’. Langebrua blir mellom anna arena for drakeverkstad og drakeshow med verdsmeister Ajaz Ul Haq frå Pakistan.

 

Den svenske superduoen Hedin & Meidell blir å høyre i gamleprosten si stove på Toene. Heilt akustisk.

Festivalen kan også freiste med den svenske superduoen Hedin & Meidell i dei fine stovene hos tidlegare prost Reidar Knapstad på Toene. Og saman med Barnas Turlag blir det tur til skogen på Farsund, og to spennande Nesa i jorda-konsertar, der ingrediensane er sirkusakrobatikk og folkemusikk.


Ein heilt eigen vri på årets tema, får vi når Linda Eide slår seg laus med Folkemusikalsk språksjov på laurdagskvelden. -Vi gler oss til å få hennar skråblikk på språk og folkemusikk frå heile verda, seier Sølvi Lien. Opningskonserten vil bli leia av Førde sin eigen nasjonale profil,  Ronny Brede Aase, også han med nase for både musikk og språk.

 

Minoritetsspråk i fare

Urfolksartisten Sara Curruchich frå Guatemala brukar musikken i kampen for sitt eige morsmål, kaqchikel og for kvinner sine rettar. Marja Mortensson som skriv tingingsverket for festivalen, kjempar for det sørsamiske språket som vert snakka av under tusen menneske. Duò Lavoà Lapò frå Marseille løftar fram eit nesten gløymt språk og ein polyfonisk songtradisjon frå Oksitania, som er det gamle namnet på landområda sør i Frankrike, Italia og Spania.

 

Trio Da Kali representerer den vest-afrikanske griot-tradisjonen på årets festival.

Nytt liv til gamle tradisjonar

Trio Da Kali frå Mali representerer griot-tradisjonen i Vest-Afrika, der musikar- og forteljartradisjonane går i arv frå far til son, i slektsledd etter slektsledd. I moderne tid går tradisjonen også i arv til døtre. -Ein griot kan samanliknast med våre gamle skaldar, seier direktør Sølvi Lien, dei formidlar både musikk, song og historier. Chango Spasiuk er chamamé-tradisjonen sitt svar på Piazolla. Chamamé-musikken har røter både i spanske, afrikanske og guarani tradisjonar. Det finske trekkspel-fenomenet Antti Paalanen er eit heilt band i seg sjølv, og kombinerer trekkspel, tramping og stemmebruk slik du truleg aldri har høyrt det før. Folk-fusionbandet Mitsune bles nytt liv i den japanske shamisen-tradisjonen, på sin heilt originale og utradisjonelle måte, som må opplevast. 

Japanske Mitsune formidlar shamisen-tradisjonen - på sin heilt unike måte. Ei musikalsk oppleving av dei sjeldne.

Møte mellom musikalske språk

Fleire av musikkuttrykka du får presentert i Førde i år er møte mellom fleire musikalske språk. Inger Hannisdal Ensemble blandar norske folketonar og arabisk maqam, til ein nydeleg musikalsk univers. Heilnorske Reolô, spelar norsk folkemusikk så det minner om afrikansk ørkenblues, og konserten The face of God i kyrkja, er eit mektig og kontrastfullt møte mellom Cuncordu e Tenore de Orosei sin tradisjonelle sakrale mannssong frå Sardinia og avantgarde-musikken til den nederlandske cellisten Ernst Reijseger. Samiske og persiske tradisjonar og ritual møtest når Mahsa Vahdat og Kajsa Balto hyllar lyset og håpet i konserten Lysning, og i The Dancers Brew med Barokksolistene og Mamelukk Dansekompani møtest drikkeviser og slåttestev. Musikken til Ustad Noor Bakhsh frå Pakistan er påverka av alt frå sørasiatiske ragaer, persiske og kurdiske melodiar, bollywoodsongar, sindhisk folkemusikk til fuglesong!

 

The Face of God - Ernst Rejseger og Concordu e Tenore de Orosei frå Sardinia og Nederland.

IRSK! - og norsk solo

For dei som elskar irsk folkemusikk, er det berre å rydde plass fredag kveld, då blir det IRSK! med The Friel Sisters og Goitse, to solide representantar for ein av verdas mest populære folkemusikksjangrar, den irske!

For dei som elskar hardingfele, finst det også eit par godbitar i programmet: Gro Marie Svidal har platesleppkonsert for si andre soloplate, Tryllespel, på festivalen, og kjennarar vil setje stor pris på det akustiske møtet med Øivind Vabø & Sigbjørn Apeland.

Gro Marie Svidal har platesleppkonsert for plata Tryllespel.

Førdekonferansen er temaet Språk i spel. Her blir det innlegg om korleis språk har vore med å forma historia, språk og sanning i samfunnsdebatten, poesi frå Palestina og mykje meir. Sjekk programmet for ein spennande kulturkonferanse på her.

 

Meir enn noko anna er Førdefestivalen ein festival der du kan oppleve artistar og musikkuttrykk du ikkje får presentert på andre festivalar i Noreg. I Førde ventar 5 dagar med internasjonal folkemusikk og dans frå meir enn 30 små og store scener. I alt står 75 programpunkt på plakaten på årets festival.

Neste
Neste

Tema og første artistslepp