Berit Opheim om Draumkvedet

Berit Opheim har gjort Draumkvedet i 30 år. Onsdag 14. januar framfører ho det i Førde kyrkje saman med Karl Seglem, Sigbjørn Apeland og Nils Økland. Foto: Roger Tallroth.

 

13. dag jul vakna Olav Åsteson etter å ha falle i djup søvn på julaftan. I Draumkvedet fortel han om alle draumane han har hatt, og vi har teke ein prat med Berit Opheim om hennar tankar rundt kvadet.

Onsdag 14. januar framfører ho det i Førde kyrkje saman med Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland.

 

-Draumkvedet er ei gåte som ikkje er blitt løyst, seier Berit Opheim når vi spør ho om kva det er med vår mest kjende middelalderballade som fengjer så mange. Ho har gjort Draumkvedet i 30 år, men let seg framleis fasinere av denne uløyste gåta. Innhaldet er både magisk og mystisk. Mykje er blitt forska på, men ingen har funne svar. Kor gamalt er det? Kven har laga det? Kvifor? Mange har teoriar, men ingen har svaret.

-Magien er at det er noko vi ikkje får tak på. Det kjenner eg på, seier ho. Eg må bruke min eigen intuisjon og kreativitet for å komme inn i stoffet.

Evig visdom

Når Opheim framfører Draumkvedet, er det kvar gong noko nytt som står fram. I større og mindre grad. -Det er ulike sider ved kvadet som seier noko til meg. Det blir som ein slags meditasjon, seier ho. Du skal hugse veldig mykje, så du må berre kaste deg ut i det.  

Det er ei fantastisk historie, om Olav Åsteson som fell i djup søvn julaftan og vaknar opp att 13. dag jul (6. januar) og fortel om alle draumane han har hatt. I draumane har han vore i dødsriket, og hausta livsvisdom som Berit Opheim meiner vi i vår tid kan lære noko av. -Bodskapen er enkel: ‘Sæl er den som i fødesheimen’, altså på jorda, er raus og hjelpsam og hjelper dei som treng det med sko, mat og klede. Lev slik, så går det deg godt når du skal over på den andre sida, seier ho. -Det er ein kamp mellom det gode og vonde, og det gode vinn - i følgje Olav Åsteson!

Fleire versjonar

Draumkvedet finst i svært mange versjonar, og det finst ingen fasit. -Eg har lært meg kvadet gjennom å høyre på opptak av Sondre Bratland og Agnes Buen Garnås, men eg nyttar ein versjon etter Molkte Moe, der eg har utelate eit vers eller to, og står att med 47-48, seier Berit Opheim. Det kallast restitusjon, forklarar ho, at du kan setje saman ulike delar til ein versjon.

Berit Opheim hadde si første framføring av heile Draumkvedet i ei privat stove på Voss for 30 år sidan. Ho hugsar det godt, men å gjere Draumkvedet i Nidarosdomen, slik ho har fått æra av tre gonger, er nok det som har gjort størst inntrykk. Det gjev ein heilt spesiell dimensjon. – Du veit, ein teori er at Olav Åsteson er Olav den Heilage. ‘Åst’ betyr kjærleik, så Olav ‘son av kjærleik’ er den kloke, vise skapnaden som skal lære oss korleis vi skal leve liva våre.  – Nidarosdomen, ja, og så den gongen i ei hytte ytst i havet utanfor Stad! Slike opplevingar sit lenge i, seier ho.  

 
Forrige
Forrige

Kronprinsessa er vår høge beskyttar i 5 nye år

Neste
Neste

Heile programmet klart!