Førdefestivalen slepper heile programmet for jubileumsfestivalen i 2019. 

 

Førdefestivalen feirar 30 år med gjensyn og mangfald

Garifunarytmar frå Belize, cajun frå Louisiana, duduktonar frå Armenia, ein dose russisk galskap, fado frå Portugal, balkansk blåsekurs, vaskebrettkurs med cajundronning, skotske reelar og svensk-norsk festmusikk - det er duka for musikalsk mangfald når Førdefestivalen feirar sine første 30! -30 år utan grenser! er temaet for året, og programmet byr på mange fine gjensyn, men også møte med nye spennande artistar, fortel Per Idar Almås. Torsdag 4. april sleppte han sitt første program som direktør for Førdefestivalen.

RURA

RURA

Festival i fem kommunar
Førdefestivalen inviterer i år til konsertar i fem kommunar. -Det er utruleg flott å kunne vere til stades i nabokommunane våre, seier Almås, og avslører at Haavebua i Florø får besøk av RURA, ei av dei mest etterspurde folkemusikkgruppene i Skottland. På Gloppen Hotel blir det ekte cajun med Sarah Savoy Trio. Jakob Sande-tunet i Fjaler blir perfekt ramme for nordnorske viser med Fotefar & Julie Alapnes, og i Jølster byr festivalen på akustiske møte i idylliske Jølstramuseet i tillegg til ein eksklusiv konsert med Hemsing/Larsen To Damer To Herrer i låven på Fjordamattunet.  

‘NY’ laurdag
Laurdagen arrangerer festivalen for første gong morgonkonsert på Hafstadfjellet, og i staden for festivalfrukost, blir det i år festivalbrunsj i parken. -Førdefestivalen ønskjer å satse meir på den flotte arenaen på Festplassen, fortel Almås, som ønskjer velkomen til ein to timar lang festivalbrunsj i parken, med mat, konsertar og marknad i samarbeid med Norske kokkers meisterlaug Sogn og Fjordane og Rekoringen Førde. Seinare på dag blir det gjensyn med russiske Otava Yo som har hatt enorm suksess internasjonalt sidan dei var her i 2015. Dei er også stjerner på YouTube, med bortimot 24 millionar visningar på sin mest populære musikkvideo. I år får du også oppleve dei med dansarar i ein spektakulær ‘tømmerstokk-battle’.

KROKE

KROKE

Populære gjensyn
I år vil mange trufaste publikummarar få oppleve nokre av sine favorittmusikarar i Førde. Dei polske yndlingane i Kroke, som også får besøk av mongolske URNA på scena. Det svensk-norske festbandet SVER, som er betre enn nokon gong. Trekkspel-virtuosane i Samurai accordion får du høyre igjen, og svenske Triakel kjem. Ikkje minst får publikum oppleve dei ungarske legendene, Muzsikas igjen i Førde, og dei iranske søstrene Mahsa og Marjan Vahdat, som står for den populære kyrkjekonserten. -Og endeleg har vi klart å få El Tanbura frå Egypt tilbake på festivalplakaten, seier arrangementssjef Sølvi Lien, som satsar på at dei flotte veteranmusikarane klarer å smelte publikum på same måte som dei gjorde på midnattskonserten på elvebreidda for meir enn ti år sidan. 


Nytt frå fjern og nær
-Det spennande med festivalprogrammet i Førde, er at så mange av artistane ikkje har spelt i Norge før, og såleis er ukjende her, trass i at dei er store både i heimlanda sine og internasjonalt, seier Almås, som også nemner at mange av artistane festivalen presenterer er på veg opp, og kanskje når toppen nokre år etter at dei spelte i Førde. Mykje tyder på at SARA CORREIA, som har konsert fredag 5. juli i Førde, blir den nye store fadostjerna.

The Garifuna Collective

The Garifuna Collective

Andre nye namn i Førde er The Garifuna Collective og Dizu Plaatjies & Ibuyambo, som begge spelar på dansefesten laurdag kveld. Førstnemnde har redda garifunamusikken i Belize frå å døy ut, og kjem med uimotståelege karibiske rytmar, medan dei neste serverer fengande musikk frå Sør-Afrika.

To nye produksjonar
Satsinga på nye produksjonar på festivalen held fram. -Det er utruleg flott at vi kan følgje opp det fine Arvesølvet-samarbeidet i 2017 med ny konsert i jubileumsåret, seier Synnøve S. Bjørset i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I år er det Marita Vårdal Igelkjøn, Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde og Viljar Losnegård som skal på skattejakt blant 16000 lydopptak i folkemusikkarkivet. Dei fire skal presentere gamalt materiale, men og la seg inspirere til å lage ny musikk. Årets konsert har fått tittelen Perler av elde.

I ein ny produksjon for born, Den underlege draken, tek Gro Marie Svidal, Hildegunn Hovde og Silje Risdal Liahagen tak i dei mange spennande mytane som finst kring draken frå langt tilbake. -Vi kombinerer tradisjonelt slåttespel med nyskriven musikk, improvisasjon og elektronikk, seier Svidal, som gler seg til å invitere små og store born inn i ei  spennande drakehole av rytmar og rørsler. 

Timples and other small guitars

Timples and other small guitars

Folkemusikkinstrument i alle fasongar
Ein folkemusikkfestival er også eit høve til å studere eit breitt spekter av folkemusikkinstrument. Timple er til dømes Kanariøyane sin versjon av ukulela frå Hawai, cavaquinhoen frå Portugal og Brasil, charangoen frå Andes og quatroen frå Venezuela, og alle desse er representerte når timple-meisteren Germán Lopez og hans musikarar frå Kanariøyane kjem med konserten: Timples and other small guitars. 

Norayr Kartashyan

Norayr Kartashyan

I Armenia er det treblåseinstrument som gjeld. Herifrå hentar festivalen treblåsefenomenet Norayr Kartashyan. I prosjektet Menua har han med seg fem unge musikarar og ein moderne versjon av vakker og tidlaus folkemusikk på nasjonalinstrumentet duduk og andre blåseinstrument han sjølv har skapt. Ross Daly er iren som forelska seg i den greske lyra, og gjorde grekar av seg. Daly har studert folkemusikk rundt i heile verda, men særleg i Midt-Austen. Musikk er for han meir enn eit levebrød: Musikken er språket mitt i dialogen med det eg opplever som heilagt.

Fotoutstilling blir til under festivalen
To som er ekstra fascinerte av alle dei vakre instrumenta og musikarane som kjem til festivalen, er fotografane Oddleiv Apneseth og Andreas Eikeseth Nygjerd. I år skal dei lage fotoutstilling under festivalen der dei portretterer musikarar og instrumenta deira. -Ideen om fotoutstillinga har vi hatt nokre år, fortel dei to fotografane, som kvar dag skal produsere fire portrett i storformat som vert monterte i Førdehuset. Utstillinga har tittelen: Artistar og instrument - eit fotoprosjekt, og vert opna torsdag 4. juli. 

 
Guest User