Velkomen til programslepp 22. mars på LARRIS SCENE

Velkomen til programslepp.jpg

Torsdag 22. mars er dagen då vi presenterer heile programmet for den 29. Førdefestivalen. Det skjer på programslepp-arrangementet vårt på Larris Scene, på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde. Tidspunktet er kl. 11.30, og vi inviterer til ein liten matbit, levande musikk - og ein sprelsk direktør som for aller siste gong har snekra saman eit alle tiders musikalsk gjestebod over fem dagar i juli. 

Alle er som sagt velkomne, og ta gjerne med deg nokon som ikkje har vore på programslepp før! 

Vi held på i ein times tid. 

 

Torill Gundersen