Slutt for vellukka prosjekt

Talent 2009 med deltakarar frå Zambia, Tanzania og Norge. Foto: Heidi Hattestein.

Talent 2009 med deltakarar frå Zambia, Tanzania og Norge. Foto: Heidi Hattestein.

 

I  22 år har unge talent frå nord og sør møttest til musisering under Førdefestivalen og seinare i heimlanda til dei tilreisande. Men i år er det slutt. Utanriksdepartementet har avgjort at dei ikkje vil stø dette tiltaket lenger. Det er komne andre prioriteringar inn i kulturarbeidet med bistandsland.

 

Merkeleg

Det er overraskande at departementet har kutta dette. I desember 2015 blei det nemleg levert ein evalueringsrapport av prosjektet, som var rosande i omtalen av arbeidet. Dei skreiv til dømes:

«The project has grown and developed during the course of its existence and by 2015 reached more than 200 talents in 34 countries. It has connected people, networks and institutions worldwide, and has had a social, personal, cultural and artistic impact on those involved as well as other stakeholders linked to it.».

I oppsummeringa heiter det:

« …the Talent project's active approach towards cultural rights and gender balance strengthens its societal relevance and efficiency and should therefore be encouraged and appreciated continuously.»

Stikk i strid med denne tilrådinga frå si eiga evaluering har altså Utanriksdepartementet valt å kutte løyvinga til dette prosjektet.

Talent 2015 i festivalparaden. Deltakarane kom frå Iran, Armenia og Norge. Foto: Tamineh Monzavi

Talent 2015 i festivalparaden. Deltakarane kom frå Iran, Armenia og Norge. Foto: Tamineh Monzavi

– Korleis heng dette saman, direktør Hilde Bjørkum?

– For oss er det uforståeleg. Det er snakk om at departementet ikkje vil halde fram fordi nokre av pengane går til norske utøvarar, og slik UD tenkjer om dette no, vil dei bruke alt utanlands. Men det er etter vårt syn ei uklok vurdering. Internasjonalt nettverksamarbeid er alfa og omega i kulturarbeidet, særleg for musikarar og kulturaktørar i sør. Det har vi mange prov på. På andre område, som vegbygging eller oljeutvinning, er det sjølvsagt at det er eit samarbeid mellom norske og lokale aktørar. Så kvifor er det så vanskeleg å forstå at ein også bør bruke norsk fagkompetanse, og tilby internasjonale nettverks- og visningsarenaer i Norge, også innan kulturfeltet?

Ringverknader

Hilde Bjørkum var i april i år med til Colombia, der tre av utøvarane frå talentprosjektet i fjor kjem frå. Slike returbesøk har vore del av opplegget heile tida. Det gjev kontinuitet til arbeidet og gjer det mogleg å få eit inntrykk av korleis prosjektet har fungert og kva for ringverknader det har fått.

– Korleis var det å møte att talenta i Colombia?

Talent 2017 - varm velkomst i samband med returbesøket i Colombia i april 2018.

Talent 2017 - varm velkomst i samband med returbesøket i Colombia i april 2018.

– Det var fantastisk! Der kom vi ut av flyet, passe trøytte i trynet etter den lange flyreisa, men i ankomsthallen sto dei, saman med ein heil skokk kolleger og vener og heldt ein heil liten konsert for oss! Det var svært rørande og blei ein god start på opphaldet. Eg blei imponert over arbeidet som blir gjort ved det lokale musikkinstituttet. Dei har ei viktig oppgåve når det gjeld å byggje opp sivilsamfunnet etter krigen. Fleire av elevane har gratisplassar ved dette senteret, slik at dei kan lære seg å spela eit instrument i staden for å drive gatelangs. Dette blei tydelege prov på at vårt talentprosjekt kan vera med på å leggje grunnlag for utvikling lokalt. Prosjektet har difor langt større ringverknader enn berre for dei utøvarane som faktisk deltar i det.

Dei hadde også lagt opp fleire store konsertar, som fekk opp mot 1000 tilhøyrarar, og pressedekninga var god. Fire radiostasjonar og tre TV-kanalar overførte fleire av konsertane eller hadde innslag om prosjektet. Det var inspirerande å sjå kor viktig dette var for folket der, fortel Hilde Bjørkum.

Blitt proffe

Utgangspunktet for heile Talentprosjektet sprang ut av ei drodling mellom Hilde Bjørkum og Rikskonsertane sin representant Anne Moberg i 1994. Fram til då hadde det vore berre norske deltakarar på ei eige talentprosjekt som dei hadde ved festivalen. Men året etter var rekrutteringsgrunnlaget utvida og det kom utøvarar frå både Egypt og Zimbabwe. Sidan har det halde fram slik. Førdefestivalen og Rikskonsertene har samarbeidd om dette.

Mange av dei som har fått høve til å vera med på talentprosjektet er etterpå blitt proffe musikarar eller artistar. For mange av utøvarane frå land i sør og aust har turen til Førde vore deira fyrste høve til å reise utanfor sitt eige land, eller til og med utanfor landsbyen sin. Til dømes kom den heilt ukjende Seckou Keita frå Senegal til Førde i 1996. No er han verdskjend for sitt spel på instrumentet kora. Han gjesta Førdefestivalen att i 2016 – då som stjerne med eige program.

Av norske deltakarar kan ein nemne Gro Marie Svidal som var i den aller fyrste gjengen som i 1995 fekk spela saman med musikarar frå Egypt og Zimbabwe. Og seinare har vi sett at det har svingt av karrierene til både Åsne Valland (talent i 1996), Andreas Skeie Ljones (talent 1997), Gjermund Larsen (talent 1999), Kim André Rysstad (talent 2006), Ingebjørg Bratland (talent 2008) og Erlend Apneseth (talent 2010 som sidan både har levert tingingsverk for festivalen og blitt nominert til Spellemannpris), for å nemne nokre av dei 225 som har teke del i denne unike kulturutvekslinga – som no altså er avvikla.

tanz - afrikansk polka.jpg

Imponert

Utanriksdepartementet sin nye profil på stønaden har også fått fylgjer for andre aktørar, fortel Anne Moberg, som etter at Rikskonsertene blei avvikla i 2016 no er tilsett i arvtakaren: Kulturtanken.

– Etter 2013 då Børge Brende kom inn i departementet, blei fokus endra. Det gjeld til dømes også reisestøtteordninga til Music Norway. UD viser til andre reisestøtteordningar der det framleis skal finnast høve til å få stønad til mellomkulturelle prosjekt, men eg har ikkje greid å finna dei, seier ho.

– Kva er det viktigaste med Førdefestivalen sitt talentprosjekt?

– Evalueringsrapporten peikar på fleire viktige resultat. Sjølv har eg vore imponert over å sjå kor store ringverknadene av prosjektet har vore i dei einskilde landa vi har hatt samarbeid med. Vi såg det no sist i Colombia, korleis deltakarane hadde utvikla seg både musikalsk og språkleg. Dei var også blitt tryggare på seg sjølve og våga meir å påverka resultatet. Dessutan inviterte dei fleire av medstudentane sine til å ta del i øvingar og på konserten. Det internasjonale samarbeidet gjev dei styrke til å tru på sitt eige, at folkemusikk er noko som ungdommar i andre land og er opptekne av, seier Anne Moberg.

Talent 2013 - 'Etnodans' er fotograf Heidi Hattestein sin tittel på dette bildet. Dette året kom deltakarane frå Filippinane, Indonesia og Norge.

Talent 2013 - 'Etnodans' er fotograf Heidi Hattestein sin tittel på dette bildet. Dette året kom deltakarane frå Filippinane, Indonesia og Norge.

Framtida

– Er all von ute for talentprosjektet, Hilde Bjørkum?

– Vi er fleire  norske kulturaktørar som no går saman for kome i direkte dialog med UD for å forklare  at Talentprosjektet og andre samarbeidsprosjekt er for viktige til at dei kan kutte dei. For Talentprosjektet sin del  snakkar vi dessutan om ei løyving på 700 000 kroner. Det er ikkje svimlande summar i bistandssamanhang. Vi meiner at dei kastar på båten gode prosjekt, og vi vonar UD vil snu – kulturaktørar i Norge kan hjelpe med å oppfylle Norges mål om utvikling av kulturfeltet i sør, men då må ein innsjå at nord-sør-samarbeid er viktig, seier direktøren.

 

Dette seier nokre deltakarar i talentprosjektet:

Sanskriti Shresta, Nepal:

«How it changed me in different ways as a musician does directly benefit the Nepalese music scene. The Talent project connected me to different musicians, like Steinar (Ofsdal, red. anm.) with whose help I started studying here at NMH. During my study and all those years, I always present Nepal where ever I go and perform. […] little funny thing to say, but I have realised that I have also been an inspiration to some of upcoming young musicians in Nepal.»
 

Salvador Hernández, Peru:

«Everybody knows everybody in my village. Imagine that someone from our village was asked to represent Venezuela! Everybody – even the mayor gave us his blessings. Our representation in Førde was a big honor for them. They were so proud that we, from the small village of Nirgua, got to travel abroad to represent Venezuela and not someone from the capital.»
 

Mathews Mfune, director of Music Crossroads, Malawi:

The Talent project is very important in that it has helped shape young artists but also give them a platform. We are looking forward to more of these programmes. We have many young artists out there who need the platform to build their skills. The Talent 2016 team from Malawi has learnt a lot and we hope they will pass the skills to fellow artists.»
 

Otieno Wakake, Kenya:

«The vast information exchanged has actually formed the basis on which my present career runs. The process of making me understand possibilities of developing fusions between my music with others, helping me understand production skills and applying the making use of the same in making my music. […] All in all I can confidently say that the interactions left a mark that will live on.»
 

Åse Valland Nordli

– Det var trist å høyra at Talentprosjektet ikkje har fått stønad til å halda fram. Det var eit fint prosjekt, ikkje minst takka vere dei to leiarane Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen det året eg var med.

 

– Kva hadde prosjektet å seie for di eiga musikalske karriere?

– Å få møta folk frå andre kulturar og knyte band internasjonalt tydde mykje på den tida. Eg var jo svært ung. Etter at eg møtte desse unge musikarane frå India, Cuba og Senegal blei eg meir medviten om korleis ornamentikken i dei ulike vokale tradisjonane er ulike. Å lære seg om dette har vore viktig for meg i mi utvikling som songar og improvisasjonsmusikar.

– Kva driv du sjølv med no?

– Eg har levd som folkemusikar og improvisasjonssongar i alle åra sidan, etter eit lite avbrekk med humanitært arbeid i Romania.
 

Gro Marie Svidal

– Umiddelbart må eg sei at det er frykteleg trist at ikkje Talentprosjektet held fram. Det har vore eit prosjekt som har hatt mange ulike aspekt ved seg – ut over det reint musikalske. Eg lærte enormt mykje av å møte unge utøvarar frå andre kulturar. For fyrste gong opplevde eg å møte nokon som var så totalt annleis enn meg, og som eg likevel hadde mykje til felles med.

– Kva minnest du best?

– Klangen i instrumenta og stemmene deira, varmen som alle gav inn i arbeidet. Vi knytta enormt sterke band på kort tid. Eg minnest at vi siste kvelden på festivalen sat saman og grein fordi det var over.

– Har du framleis kontakt med nokon av dei andre som var med?

– Ja, sporadisk. Men diverre ikkje lenger med Chiwoniso Maraire, som no er død. Ho var i starten av karriera si då vi var saman i Førde, og sidan blei ho ei stor stjerne i Zimbabwe.

– Kva driv du sjølv med no?

– Eg er nett ferdig med ein turné med førstellinga Sunniva no i Den kulturelle skolesekken, der eg har komponert musikken, spelar og er produsent. Så har eg regi på ei førestelling under Landskappleiken i Trysil i juni: Å vera i livet og under Førdefestivalen har eg produksjonen på framsyninga Klangen av Astrup. Og så prøvar eg å få tid til litt solospel innimellom…

 
Torill Faleide