Frivilligmøte søndag 1. juli kl. 19.00

Frivillige klare til innsats i 2017! 

Frivillige klare til innsats i 2017! 

Alle som har meldt seg som frivillige på festivalen har fått invitasjon til frivilligmøte søndag 1. juli. Fellesmøtet er kl. 19.00, men ein del grupper møtest også i forkant av dette. Her er invitasjonen som er sendt ut:

Kjære alle saman

Etter 28 år ligg talet på frivillige på Førdefestivalen rundt 350 menneske, og vi er fantastisk glade for å ha blitt ein så stor gjeng med dyktige medarbeidarar som gjev alt for å skape gode opplevingar i Førde. Tusen takk for at du vil vere med på laget!


FRIVILLIGMØTE I FØRDEHUSET

Vi ynskjer alle våre frivillige vel møtt til orienteringsmøte søndag 1. juli og håper alle har høve til å kome. Dette møtet er den viktigaste informasjonsøkta du som frivillig får i samband med arbeidet på festivalen! Ver venleg og gje beskjed til arbeidsleiaren din dersom du ikkje kan kome.

SUNDAG 1. JULI KL. 19:00 I FESTSALEN

Det blir og infomøte for dei enkelte gruppene. Der får du svar på alt du lurer på i høve til ditt ansvarsområde.

Her er detaljplanen for søndag 1. juli
17:30 – 19:00 Artistkontakter Musikkrommet, 2.et.
17:30 – 19:00 Backstage og idrettshallansvarlege Personalkantina, 2.et.
19:00 – 20:00 Fellesmøte for alle Festsalen, 1.et.
20:00 – 20:30 Parkeringsvakter Kontoret til J. Bengtsson, 2.et
20:00 – 21:00 Arenaansvarlege Personalkantina, 2.et.
20:00 – 21:00 Frivilligkjøkken Frivilligkjøkkenet, u.et.
20:00 – 21:00 Artistservice, vertskap, vakter, riggarar
og sjåførar Musikkrommet, 2.et.
20:00 – 22:00 Utdeling av T-skjorter, fribillettar og Billettkontoret, u.et.
akkreditering

Fribillettar og medarbeidarpass skal i hovudsak hentast ut etter informasjonsmøtet, men det er og høve til å ta ut fribillettar dagleg i festivalveka før kl. 12:00. Har du spørsmål om billettar, ta kontakt med festivalkontoret på tlf. 46 90 50 10.

FRIVILLIGFEST PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA

Etter intense festivaldagar har Førdefestivalen gleda av å ynskje alle frivillige hjarteleg velkomne til fest. Vi serverer mat kl. 20:00, og med musikk, dansegolv og glade folk blir det ei feststemt avslutning på festivalveka 2018.

SØNDAG 8. JULI KL. 20:00 LARRIS SCENE, SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA

Torill Gundersen