Førdekonferansen 2017 - påmeldinga er opna!

Eit glimt frå Førdekonferansen 2016 - Foto: David Bowen

Eit glimt frå Førdekonferansen 2016 - Foto: David Bowen

Førdekonferansen 2017: Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling

- Med Klangen av Norden som tema på festivalen, og med Norge sitt formannskap for Nordisk Ministerråd i 2017, fall det naturleg å velje ei nordisk ramme for programmet på Førdekonferansen 2017, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. - Målet med konferansen er å nå samfunnsaktørar frå kulturliv, næringsliv og den politiske arenaen. Spørsmåla som vert tekne opp er viktige og høgst relevante både for kulturnæringane og for dei som skal utforme framtidas kultur- og næringspolitikk. 

Konferansen samlar ei rekkje fine innleiarar til foredrag, debatt og samtale torsdag 6. juli på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde.

På ei spennande liste over innleiarar finn vi Stortingspresident Olemic Thomessen, som skal halde opningsinnlegget, Kristin Danielsen, direktør i Norsk Kulturråd, som skal snakke om utvikling av kreative næringar; professor og tidlegare direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim, vil ta føre seg språkleg fellesskap i Norden, og Walid Al-Kubaisi, norsk-irakisk forfattar og skribent ser på Norden og nordiske verdiar sett frå sin ståstad.  I tillegg får du møte m.a. Per Voetman, tidlegare direktør i Kulturkontakt Nord, Gunvor Eldegard, medlem i Nordisk Ministerråd og Nordisk Kulturfond, Bertel Haarder, dansk folketingsmedlem med tidlegare president i Nordisk Råd, Henna Salo, export manager i Music Finland, og Monica Larsson, nytilsett rådgjevar for Kreativt Norge, med brei bakgrunn frå norsk musikkliv. Og musikar og samfunnskommentator Igor Dunderovic vil gje oss musikalske skråblikk på det heile. Dagen vert leia av journalist Bjørn Lindahl.

Konferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Sparebanken Vest, Førde kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og VRAK. 

Konferansen vart første gong arrangert i 2007, og er no ein viktig og fast del av Førdefestivalen. Konferansen vert arrangert på festivalhotellet, og har plass til 100 deltakarar. Alle som melder seg på konferansen får også invitasjon til den offisielle mottakinga for gjester og sponsorar torsdag ettermiddag, og til den store opningskonserten, Nordic Sound Folk Orchestra, kl. 19.30 same kveld.

Sjå programmet for konferansen - og meld deg på

 

 

Torill Gundersen