Ein song som allting heilar

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Eg er så stolt! Alle kan vere stolte over dette, strålar direktør Hilde Bjørkum. - Heile festivalapparatet vårt, det må vere verdas aller beste! Etter fem dagar med fulle hus og fantastisk stemning på den 27. internasjonale folkemusikkfestivalen, står ei oppleving likevel fram som den sterkaste for direktøren -Grenselause voggesongar, seier Bjørkum rørt.

Kvinner frå åtte ulike land, synte publikum og kvarandre korleis dei syng for borna sine. Konserten bar namnet ”Sulla meg litt du mamma mi” og var ein av Førdefestivalen sine eigne produksjonar til denne festivalen. Under temaet ”Flukt” aktualiserte festivalen korleis menneske som flyktar frå land vi assosierer med krig og konfliktar kjem til oss med ein stor rikdom: Sin eigen kultur. Sine eigne songar.

Sulla meg litt du mamma mi.. Grenselause voggesongar. Foto: Heidi Hattestein.

Sulla meg litt du mamma mi.. Grenselause voggesongar. Foto: Heidi Hattestein.

Ei etter ei røyste dei seg. Fortalde kva dei heitte, kvar dei kom frå, kor lenge dei hadde vore i Noreg. Så song dei. Songar frå Etiopia, Eritrea, Syria, Sri Lanka, Noreg. I kjærleik til barna sine. Slik at dei skal kjenne seg trygge. Drøyme gode draumar. Til slutt song dei saman. Den første song. Den song som alltid heilar. 

– Der og då fekk vi mulegheita til å møte kvarandre som menneske, med dette til felles. Kjærleiken til barna våre, fortel Hilde Bjørkum.

- For Førdefestivalen er det ei rettesnor å gje musikkopplevinga best muleg vilkår, held Bjørkum fram. -Det er vårt publikum vande med, men artistar som er her for første gong merkar det: -Publikum lyttar! Vårt publikum er genuint opptekne av musikken. Førdefestivalen kan kvittere med å hente verdsstjerner som aldri tidlegare har spelt i Noreg i til festivalen. Då briljante Trio Madeira Brasil trollbatt publikum i høgsalen på Sogn og Fjordane Kunstmuseum søndag ettermiddag, var det for første gong på ei norsk scene. Fordi Førdefestivalen sitt publikum fortener det, smiler Hilde Bjørkum.

Nokre artistar har vore her før, nokre artistar har jamvel vakse opp med denne festivalen. Årets tingingsverk var signert den unge jølstringen Erlend Apneseth. –Eg vil gje dykk lyden av Førdefestivalen, forklarte han. Utan denne festivalen veit eg ikkje om eg hadde vore musikar i det heile.

-Eg var litt usikker på om kulturrådet ville støtte oss i satsinga på ein så ung komponist, fortel Hilde Bjørkum. Men eg forklarte dei at Erlend er eit unikt talent, og at vi som festival har eit ansvar for å drive fram unge musikarar som han, understrekar ho vidare. Dermed vart det som festivalen ville: Tingingsverket ”Nattsongar” såg dagens lys i festsalen til begeistra mottaking frå ein fullsett festsal.

Broukar. Foto: Heidi Hattestein

Broukar. Foto: Heidi Hattestein

Verda kom til Førde, endå ein gong. Men festivalen utviklar seg med samfunnet og rollene endrar seg. Den frivillige som helsar velkomen, er kanskje frå same land som artisten som har reist langt for å kome hit. I publikum sit landsmenn og kjenner seg særleg stolte. 

– Awsome. Yalla, Syria! Proud to be Syrian, kan vi lese mellom kommentarane til innlegget på sosiale media om Broukar sin konsert under festivalen.

Menneske frå andre verdshjørne er ikkje berre gjester på scena. Dei er like gjerne mellom oss som lyttar i salen. Når norske Gjermund Larsen Trio og svenske Nordic skapte musikkmagi i storsalen, let den asiatiske kvinna ved sidan av meg att augene, sat heilt stille. Ein mann med afrikansk utsjånad la hovudet i hendene, gynga kroppen roleg med rytmane. Bak meg kraup ein liten gut opp i fanget til bestemor og la seg godt inn til henne.  Då lyset kom på og magien vart broten sov han. Som publikum i mørket var vi saman. Saman om å la musikken omfamne oss. Saman om å kjenne at det gjorde oss godt. Slik har denne festivalen vore. Som ein grenselaus song, som allting heila.

 

Tekst: Janne Karin Støylen

 

Torill Gundersen