Førdekonferansen 2015 - Kultur, tillit og frivilligliv

Fjorårets konferanse samla eit hundretals deltakarar. Foto: Geir Birkeland.

Fjorårets konferanse samla eit hundretals deltakarar. Foto: Geir Birkeland.

I Norge har vi uvanleg sterk tillit til kvarandre og samfunnet. Men frivilligliv og deltaking i samfunnslivet er i endring. Kva skjer med samfunnet vårt som ei konsekvens av dette? Kan endringane påverke viktige fundament i samfunnet vårt, som ytringsfridom og høve til ytring? Og vil nye norske borgarar vere ein del av denne frivilligkulturen? Konferansen vil og ha fokus på festivalen og kulturlivet som katalysatorar for lokal kultur- og samfunnsutvikling.

Ei rekke interessante foredragshaldarar og debattantar er sikra til konferanseprogrammet: Sturla Stålsett (leiar for Frivillighet Norge), Knut Olav Åmås (direktør for Fritt Ord), Bjørgulv Vinje Borgundvaag (statssekretær i Kulturdepartementet),  forskarane Einar Eimhjellen (Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor) og Bård Kleppe (Telemarkforsking), artist og samfunnsvitar Lavleen Kaur, og leiarane for Vinjerock, Bratt Moro og Vossajazz. 

Førdekonferansen 2015 går over ein dag, torsdag 2. juli kl. 10.30 - 16.30, og vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Invitasjon til offisiell mottaking og billett til festivalen sin opningskonsert, World ConneXions, er inkludert i konferansen. 

HER ser du fullt program og melder deg på. Påmeldinga er opna, så det er berre å sikre seg ein plass!