Linda Gytri Trio til Florø og Sogndal i mars

Linda Gytri Trio sleppte plata Audire i slutten av februar, og både presse og publikum har teke imot med opne armar. Linda Gytri frå Oldedalen viser seg som eit oppkome av vakre og stemningsfulle melodiar, og med pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordic Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassisten Anders Bitustøyl ( Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band) på laget, har ho skapt ein godtepose for musikkelskarar.

"Sjangerfritt Strynespel" Bladet Folkemusikk

"Linda Gytri Trio skaper vakre og nære melodier" Bergens Tidende

Det er all grunn til å setje kryss i kalendaren, og få med seg ein av dei to neste konsertane på FolkJazzScena med Linda Gytri Trio: Onsdag 25. mars spelar dei på Blomsterhagen Restaurant i Florø, og dagen etter, torsdag 26. mars, kan du høyre dei i den nye Blaoboksen i Sogndal kulturhus. Konsertstart begge stadar er kl. 20.00. 

I forkant av konserten inviterer festivalen til en enkel programpresentasjon, der vi guidar deg gjennom høgdepunkta på den 26. Førdefestivalen. Her får du gode tips og bakgrunnsstoff, som gjer det lettare å velje kva du vil få med deg av det rikhaldige og spennande festivalprogrammet til sommaren. 

Les meir om konsertane i Florø og Sogndal her

Torill Gundersen