HÅKON HØGEMO / SIGRID MOLDESTAD / EINAR MJØLSNES - GAMALTNYMALT

TURNÉPERIODE: 6.-11. APRIL 2021

Håkon Høgemo / Sigrid Moldestad / Einar Mjølsnes
GAMALTNYMALT

- rått og ekte, på fem-strengs hardingfeler

Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår! Trioen som hadde sin oppvekst  på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane,  er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første ( og til no, einaste) plate. Dei er alle veletablerte musikarar: Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utla med Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange. Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere.  Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.  

No tek dei seg ut på vegen igjen med ein liten vestlandsturne i det nye fylket. 

Forrige
Forrige

Ragnhild Furebotten Trio