Tilbake til alle arrangementer

Polskurs med Ole Nilssen - dag 2

  • Førdefestivalen 5 Angedalsvegen Førde (kart)
 

Lær deg Norges mest populære folkedans!  Polsen er ein dans som appellerer og suggerer, ein dans som er slik at du får lyst til å danse den heile natta lang! Rytmen, draget, den berusande rundsnuen – det er noko med polsen som gjer at den har blitt populær langt utover sine kjerneområde. Og no har du sjansen til å lære stega og taka som skal til for å kjenne på noko av dette!

Instruktør Ole Nilssen er både musikar og dansar, og har vunne eliteklassen i dans på Landskappleiken to gonger. Han er ein erfaren danseinstruktør og har hatt mange polskurs opp gjennom åra.

Det er ein fordel at du har noko danserøynsle for å vere med på dette kurset.

 
Forrige
Forrige
8. juli

GRATIS dropp-inn dansekurs for alle (Copy)

Neste
Neste
8. juli

Barneverkstad: Xylofon med Nakibembe (Copy)