Kunsttrykk: Instruments in Things - Things in Instruments! 

Festivalutstillinga under Førdefestivalen 2015 var ved vår faste designar Piotr Pucylo. Tittelen var Instruments in Things - Things in Instruments! og utstillinga stod i parken på Festplassen under heile festivalen og langt ut på hausten. I tillegg vart kvart motiv trykt opp i 20 eksemplar i A3. Trykka er nummererte og signerte.

HER kan du laste ned ein pdf med kunstnaren sin forklaringar om kvart enkelt instrument. 

Klikk på lenkja under kvart motiv for å bestille. Du kan betale med VIPPS - Førdefestivalen #526974 - eller vi sender faktura. Dersom du vil bestille fleire motiv samla, kan du også sende epost

Pris pr. stk: kr 100 + ev. porto. 

 

AXE

Øksa er inspirert av ei enkel fele frå fjerne- og mellom-Austen. Det mest populære instrumentet av denne typen er nok den kinesiske fela ERHU. Ho har berre to strenger, med ein boge som vert plassert mellom dei, i staden for over. Trass i den enkle konstruk-sjonen skaper fela ein vakker, delikat og variert lyd. I Kina er ERHU sett på som eit nasjonalinstrument på lik linje med den europeiske fiolinen.

FOOTBALL

Inspirert av ein type persisk fele med pigg som heiter KAMANCHEH, eit lite strykeinstrument som har lang hals og rundt resonanskammer laga av kale-bass (flaskegraskar), som er dekka av strekt skinn, med ein «stol» som løftar strengane. Avhengig av utøvaren si kroppsstilling kviler instrumentet enten i fanget eller på golvet. Piggen i den nedste delen gjer det lett å dreie instrumentet under speling. Slik kan musikaren utføre intrikate rørsler med bogen. Liknande instrument finst i dei fleste landa i det sentrale Asia og i enkelte land i søraust-Asia.

last+ned.png

GLASS

Glaset er inspirert av den thailandske tromma THON. Den karakteristiske forma minner om eit vinglas (goblet). Faktisk er det ei heil familie med slike trommer i Asia, Afrika og Europa som vert kalla goblet-trommer. THON vert ofte spelt saman med ei ramme-tromme kalla RAMMANA. Lyden er spesielt kjend innan klassisk thai-musikk. Instrumentet er laga av tre, leire eller metall, og lagar ein låg, romlande lyd. Ein ring av gummi, sot og metallspon vert ofte lagt på trommeskinnet for å få fram ein djupare lyd. 

BANANA

Banana er inspirert av ei krumma harpe frå Uganda, kalla ENNANGA. Det fins liknande harper i andre afrikanske land, i tillegg til i Austen. Dette er truleg eit av dei aller eldste strengeinstrumenta våre, og stammar truleg frå ein musikkboge. Dei eldste finn vi i teikningar frå det gamle Egypt. Ektstra inspirasjon frå Andy Warhol sine mest kjende pop-art verk – platecoveret for The Velvet Underground og Nico frå 1967.


last ned.png

CLOCK

Klokka er inspirert av RIQ og andre typar rammetrommer med små bjøller. Trommene stammar frå Midtausten, men du finn i dag same type over heile verda. RIQ er ei lita tromme med ei ramme, tradisjonelt ei treramme dekt med eit tynt fiskeskinn. Tromma har fem par symbalar i små spalter skorne ut av ramma, som ofte er rikt dekorert med element av perlemor eller fargerike tresortar. Det vesle instrumentet er sentralt i klassisk arabisk og tyrkisk musikk, og overraskar med eit svært rikt lydbilde.

CIGARETTE

Sigaretten er inspirert av ZAMPOÑA, ei panfløyte frå Peru, Bolivia og Equador. Fløyta er laga av sivrør i som er sette saman. Lyden kjem fram når du bles i den øvste kanten av instrumentet. Røra er tette i botnen, og har ikkje fingerhol. Desse instrumenta har vore kjende i over 2000 år. Vanlegvis er dei laga av leire, stein, tre, metall eller siv, og finst i mange verdsdelar og land, som Romania, Japan og Solomonøyane. I følgje ein eldgamal myte, forelska den urgamle guden Pan seg i ei av sine nymfer. Då ho prøvde å flykte frå han, forvandla skytsgudinna henne til siv som Pan då brukte for å lage den aller første fløyta. Han spelte på fløyta for å finne trøyst i musikken.

CHEESE

Osten er av PSALTER, eit sitter-instrument vi har kjent til heilt sidan middelalderen. I dag er dei fleste sitterar rektangulære eller dei har trapesform, men tidlegare var dei ofte forma som ein trekant.
Sitterinstrumenta kom til Europa frå Midtausten på 1000-talet. På 13- og 1400-talet likna instrumenta på eit grisehovud eller ein venge. Forma dei har i dag, stammar frå rundt år 1500.
I Skandinavia finn vi slektningar av desse instrumenta i den norske LANGELEIKEN og den svenske HUMMEL, som brukar band under nokre av strengene, og den islandske LANGSPIL som vert spelt med boge. 

SCREWDRIVER

Skrujernet er inspirert av DUDUK, eit av dei mest kjende instrumenta frå Armenia, med ein vakker, delikat, varm og på same tid sørgmodig lyd. DUDUK er ein type obo. Instrument-kroppen er laga av aprikostre som har modna over 25-30 år, og den har fingerhol. Den viktigaste delen er eit dobbelt røyrblad laga av kjemperør. Speleteknikken er ekstremt sofistikert. Musikaren brukar ikkje berre fingrane for å endre tone, volum, rytme og melodi, han brukar også strupe-musklar, tunge og leppe, kombinert med sirkelpustteknikk. Nokre kjelder hevdar at DUDUK har vore kjent i 1500 år, andre i opptil 3000 år. 


RADIATOR - UTSELD

Radiatoren er inspirert av TREKKSPELET, nærmare bestemt, knappetrekkspelet, den mest sofistikerte utgåva av instrumentet. Saman med munnspelet, høyrer trekkspel til gruppa instrument med frie røyrblad, og er kjend frå 1800-talet. Alle har eit brett med tangentar eller knappar på begge sider, og ein sentral del, belg, som pumpar luft over metalltungene. Dei enklaste har berre nokre få knappar eller tangentar, men dei meir profesjonelle er svært kompliserte. I Polen, der kunstnaren kjem frå, er radiator eit vanleg uttrykk for trekkspel, så assosiasjonen var opplagd.

PEAR

Pæra er inspirert av HULUSI, ei enkel form for munnspel frå Kina. Forma er vanleg blant det dei etniske minoritetane frå Yunnan-distriktet. Namnet er ei samansmelting av to kinesiske ord: Hulu – som er ein kalebass, og si, som er silke. Det enkle instrumentet har eit munnstykket som du bles i, eit resonanskammer, vanlegvis laga av kalebass, og fløyter. På same måte som med andre munnspel, har kvar fløyte ei flis (rørblad). Den som spelar, bles inn i kammeret, og lagar melodiar ved dekke hol i fløytene. 

FISH UTSELD

Fisken er inspirert av BIWA, ein japansk lutt med kort hals. Instrumentet er utforma i klassisk tåreform med fire silkestrenger som blir slått på med eit stort plekter av tre. BIWA blir for det meste brukt til å akkompagnere klassisk song og resitasjon av buddhistiske vers. I Japan er det eit av dei mest populære strengeinstrumenta. Det har eksistert i nesten 2000 år og det stammar truleg frå den kinesiske lutten PIPA. 

last ned (7).png

CHAIR

Stolen er eit verk inspirert av lyrer. Trass i at lyra ein gong var svært populær, er lyrer i dag berre i bruk i enkelte deler av Afrika og i Sibir. Dei mest interessante instrumenta kjem frå Etiopia, der vi finn to variantar: BAGANA, med firkanta resonanskammer, og som vert brukt av hoffet og presteskapet, og KRAR, med rundt resonanskammer – ei vanleg folkelyre. 


HEART

Hjartet er inspirert av den skotske sekkepipa, og andre sekkepiper som vert brukte over nesten heile kloden. Den viktigaste delen av instrumentet er sekken – altså hjartet - som pumpar luft til pipene og melodifløyta (chanter). Avhengig av kva type sekkepipe det er snakk om, blir sekken fylt på to måtar, enten ved å blåse luft i pipa, eller pumpe luft i belgen som ligg under utøvaren sin eine arm. Sekkepiper har vore kjende sidan romartida. 

last ned (9).png

HOURGLASS

Timeglaset er inspirert av den japanske tromma TSUZUMI. Akkurat som med goblet-trommer, gjev forma på tromma oss visse assosiasjonar; TSUZUMI tilhøyrer gruppa av timeglas-trommer. Hovuddelen er gjerne av kirsebærtre, og har ofte flotte utskorne og lakkerte utsmykkingar. Dei to trommeskinna er strekte over metallrammer og festa til hovuddelen med snorer. Dei stramme snorene og formen på tromma gjer at musikaren kan regulere stramminga på skinnet, og endre tonehøgde i tromma medan han spelar.  

LEAF

Bladet er inspirert av en tyske STREICHZITHER, eller boge-sitter. Forma den har i dag, vart til på 1800-talet. Instrumenta finst i mange land, men det er berre i Tyskland dei har fått akkurat denne forma. Gripebrettet med band, som er typisk for dette instrumentet, er ganske sjeldan hjå andre sitterinstrument. Sitterar har vanlegvis mange strenger, men her er det berre fire. Å  utstyre sitteren med band gjorde det mogleg å redusere talet på strenger, noko som sparer musikaren for mykje bry når instrumentet skal stemmast. 

SHELL

Skjellet er inspirert av KASTANJETTAR, eit vanleg og velkjent perkusjonsinstrument frå Spania og flamenco-musikken. Instrumentet er sett saman av to konkave skjell som er festa saman med streng på den eine sida. Skjella er som regel laga av tre, men langt tilbake i tid, vart det også brukt elfenbein. Musikaren legg skjella i handa og lagar den karakteristiske lyden ved å slå dei mot kvarandre. 


last ned (12).png

WATERING CAN

Vasskanna er inspirert av den indiske EKTARAEN, eit klimpreinstrument med berre éin streng. Instrumentet vert brukt av vandrande poetar frå Bengal, såkalla baular, men finst òg i andre deler av India under namn som GOPICHAND, GOPIANTRA eller KHAMAK. EKTARA vert laga av bambus. Den eine enden er kløyvd og festa til eit resonanskammer i tre eller kalebass som er delt i to. I botnen er det ein membran av dyreskinn. Strengen går gjennom skinnet, og er festa med ei perle. Ein får fram ulike tonehøgder ved å klemme på halsen av bambus og slik stramme eller slakke strengen. 

last ned (13).png

WHEEL

Hjulet er inspirert av ein tyrkisk CÜMBÜS, eit moderne instrument som vart konstruert på 1930-talet. Historia om korleis instrumentet oppsto er for lang til å ta med her, men kort sagt har det å gjere med Atatürk, det moderne Tyrkia sin eigen landsfader, Zeynel Abadin sin kjærleik for innovasjon, og BANJOEN sin popularitet i Tyrkia på den tida. CÜMBÜS kombinerer tradisjon med det moderne og aust med vest. Det er lett å endre instrumentet, halsen kan takast av og erstattast med lengre eller kortare typar hals, med eller utan band. CÜMBÜS kan brukast som ein moderne versjon av den klassiske lutten OUD, eller dei langhalsa luttane SAZ, BAGLAMA eller TANBUR.

last ned (14).png

SMARTPHONE

Smarttelefonen er inspirert av MBIRA frå Zimbabwe – eit instrument frå lamellofon-familien. Det blir spelt ved å klimpre med tomlane på tynne stavar av metall eller siv. Stavane er festa til ein liten trekasse som fungerer som resonanskammer. Den andre enden av stavane er lause, og vibrerer fritt når deivert klimpra eller plukka på. Slike lamellofon-instrument finst i mange afrikanske land, og dei er også kjende under namn som SANZA eller KALIMBA.

SHOVEL

Spaden er inspirert av DOMBRA – ein langhalsa lutt frå Kazakhstan, og andre luttar av same art: SAZ og BAGLAMA frå Tyrkia, balkansk TAMBURA, usbekisk TANBUR, gresk BOUZOUKI og DUTAR frå Tadsjikistan. Alle desse instrumenta har eit lite resonanskammer og ein lang hals med faste eller rørlege band (ofte laga av dyretarmar). Enkelte luttar har dronestrengar eller resonansstrenger i tillegg til overstrengane. 


last ned (16).png

SPEAKER

Høgtalaren er inspirert av GONG – ei plate av metall som vert slått på med ei klubbe. Denne er vanleg over søraust-Asia og har vore kjend sidan år 500 før Kristus. Gongar vert laga av ulike typar metall: Messing, bronse eller jern. Storleik og form kan variere, men runde er vanlegast. Gongane vart først brukte i templa, men vart etter kvart også brukt i andre samanhangar. Det som opprinneleg var eit folkemusikkinstrument i Asia, er i dag også brukt av vestlege symfoniorkester. 

last ned (17).png

TYPEWRITER - UTSELD

Skrivemaskina er inspirert av DREIELIRA (hurdy-gurdy), eit instrument kjent i Europa sidan middelalderen. Kort sagt er dreielira ei slags mekanisk fele. Lyden vert skapt ved at musikaren dreiar eit hjul som gnir over strengane. Tonehøgda vert bestemt av eit register eller eit gripebrett der musikaren held strengen på ein spesiell stad. DREIELIRA representerer altså gruppa mekaniske instrument. 

last ned (16).png

SPOON

Skeia er inspirert av GUEMBRI, ein liten lutt frå Marokko. Namnet varierer frå stad til stad. GUEMBRI vert ofte brukt om den større bass-lutten som er vanleg i gnawa-kulturen, men her er valgt ein mindre type. Den er eit enkelt instrument med pæreforma kammer dekka av geite- eller kamelskinn. Ein hals med stemmeskruer stikk gjennom heile kammeret. GUEMBRI har tre tarmstrenger, og er utan band. Musikaren slår på skinnet og klimprar på strengene på same tid, og får fram ein sterk, perkussiv lyd. I Mali finst liknande instrument, kalla NGONI.

last ned (19).png

VASE

Vasen er inspirert av SHEKERE, eit afrikansk perkusjonsinstrument. Det er eit «rasleinstrument», laga av ein stor kalebass som er tredd inn i eit nett av perler, frø eller skjell. Musikaren ristar instrumentet rytmisk, eller skrapar perlene mot kalabassen. I Nigeria finst ein spelestil der SHEKEREN vert kasta opp i lufta, og gripen igjen – i ein viss rytme. Liknande instrument finst også på Cuba og i Brasil.