Tilbake til alle arrangementer

Carpe diem - flamenco med Bellali Austria

  • Larris Scene 2 Storehagen (kart)
 

Carpe diem – flamenco som hyllar sjølve livet

Den meksikanske dansaren og koreografen, Bellali Austria, kom til Norge i 2011. Ho har starta flamenco-ensemble og flamencofestival, og gjennom sine mange prosjekt har ho stått på scena på alt frå Den norske opera og ballett til Førdefestivalen, Oslo World, Riksscenen, Cosmopolite for å nemne noko. I Førde har du opplevd ho både på festivalen i juli (2021) og ved fleire høve som instruktør for born på Bornas Verdsdag. Vi ser med spenning fram til å oppleve Bellali Austria sitt nyaste danseprosjekt, Carpe diem, som er ein hyllest til sjølve livet.

Kvar dag er ein ny sjanse til å trekke pusten, sparke av deg skoa og danse!’,
— Bellali Austria.

  

Søndag 5. november kjem ho til Larris Scene i Førde med flamenco-framsyninga Carpe diem, spekka med både dans og levande musikk. I Carpe diem blandar Bellali Austria mystikk og flamenco-temperament med tradisjonell flamencomusikk og tonar og rytmar frå litt rundt omkring. Inspirasjon hentar ho først og fremst frå den gamle meksikanske Nahua-kulturen, som heldt på å bli forsvinne under Spania-invasjonen 1500-talet. I dag lever nahuafolket i Sentral-Amerika, og Bellali Austria er særleg oppteken av synet deira på livssyklusen som noko heilt essensielt i verda: Vi er alle frø, og etter vår død oppstår nytt liv.

Velkomen til ei framsyning som feirar livet, og som eit meksikansk ordtak seier: Det du har dansa, kan ingen ta frå deg!

 

Bellali Austria - dans

Emil Pernblad - gitar

Belen de los Reyes - vokal

Yeisy Rojas  - fiolin

Francois Taillefer - perkusjon

 
Forrige
Forrige
21. september

Sarah Camille Trio

Neste
Neste
21. april

Meelodi på Larris Scene