Tuva Færden - Greiner

 

Røtene våre strekkjer seg langt. Lenger enn vi trur. Musikk er eit urspråk med røter som kan strekkje seg heile vegen frå Norge, til den persiske og indiske musikken. Frå Japan, til Brasil og heile vegen tilbake til den norske hardingfela.

Folkemusikk i dag held tradisjonar i hevd. På same tid vert tradisjonane fornya. Slike fornyingar kan føre til andre musikalske former. Sjangeren som mange kallar verdsmusikk har produktivt utforska møtepunkt og fellestrekk på tvers av ulike folkemusikktradisjonar. Sjølv om denne strategien har gjeve opphav til veldig mykje interessant musikk, har den kanskje også kome til å vatne ut mykje av krafta dei djupe røtene gjev. Dette prosjektet søkjer å unngå uttynning og i staden utforske det vakre som finst i konstellasjonar mellom djupe røter.

Musikarane eg har valt å ha med meg i dette prosjektet har alle, forutan sterke røter, ei heilt eiga evne til å strekke ut greinene sine og røre ved oss med måten dei er til stades i musikken på.

Javid Afsari Rad -santur, saz, vokal
Luiz Murakami - gitar, shakuachi, vokal
Jo Berger Myhre - kontrabass, el.bass
Michaela Antalová - perkusjon, fujara

Musikarane kan samanliknast med trea i ein skog. Dei står stødig i seg sjølv, men dei  samarbeider også og hjelper kvarandre gjennom å sende signal og ‘snakke’ med røtene til kvarandre. Det vert danna konstellasjonar, eller samband.

Eg ønskjer å bruke min bakgrunn frå dans og sceniske produksjonar til å utforske den sceniske formidlinga av temaet røter. Her er målet å bruke så små verkemiddel at det ikkje tek fokuset vekk frå musikken, men heller forsterkar den i utrykket sitt.

Det kriblar i heile kroppen etter å setje i gang med arbeidet og den skapande prosessen vi skal inn i, og eg gler meg skikkeleg til å oppleve Førdefestivalen 2024.

Tuva Færden, des. 2023

Tingingsverket er støtta av Kulturrådet.

 
 

 

Arrangement:

6. juli kl. 14.30 Tuva Færden - Greiner

Festsalen, Førdehuset

 

 
Forrige
Forrige

Sykkeli, lykkeli

Neste
Neste

Ulf-Arne Johannessen: Å rekke å elske