Spöket i köket

 

Det sprøaste folkemusikk-storbandet i Sverige!

Mykje har vorte sagt om Spöket i Köket: ‘barnemusikk for vaksne’, ‘eit kjærleiksbarn mellom eit sanselaust rave-party og ein dans på lokalet’, med meir..

Bandet har spelt tallause konsertar rundt i Norden og i Europa, både på store festivalar og på klubbar, pubar, i bakgardar, på kafear og i kyrkjer. Ingen stadar klarer publikum å sitje i ro. Musikken deira kjem frå nordiske og canadiske folkemusikktradisjonar, i tillegg til eigne komposisjonar i tradisjonell stil, alt arrangert for Spöket si finurlege samansetjing.

Det er ganske enkelt ein liten katastrofoni  av heimebrend folkemusikk i storbandformat. Det er like skjødeslaust skrikande som trygt og voggande, like oppildnande som avslappande. Det er ti musikarar som spelar tjue instrument og syng på fire språk. Hælen er solid planta i tradisjonsmusikk, medan tærne spriker i manouche-jazz, fusion, heavy metal og ein stor dose avantgarde pop à la Frank Zappa. Dei er noko heilt for seg sjølve, dei einaste i sitt slag!

I 2017 gav dei ut plata Den nye spisen, i 2019 kom Château du Garage og i 2022 Kurbits & Flames.

 

Nisse Blomster - gitar, mandolin, banjo, vokal

Signe Kierkgaard Schmidt - fele

Mads Kjøller Henningsen - fløyte, sekkepipe, munnspel

Lies Hendrix - trekkspel

Sebastian Petersson - trombone

Albin Lagg - trompet

Erik Larsson - saksofon, klarinett

Henrik Buller - saksofon

Erik Bengtsson - kontrabass

Emma Engstrom - piano, orgel

 

 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 20.00 Nordiske røter

Idrettshallen, Førdehuset


 

Laurdag 6. juli kl. 21.30 Endå meir dans!

Festsalen, Førdehuset

 

 
Forrige
Forrige

Sousou & Maher Cissoko

Neste
Neste

Sunnfjord juniorspelemannslag