Safaa Al-Saadi

 

Møt Safaa og hans hemmelege ven, Bolbol!

Mange born – og vaksne - fekk oppleve Safaa Al-Saadi på trommeverkstaden hans på Bornas Verdsdag Førde i november i fjor, og no er han tilbake med det musikalske eventyret Bolbol og meg. Her tek han oss med på ei reise tilbake til sin eigen barndom – ein barndom full av leik, fantasi, musikk og song – og ein hemmeleg ven, Bolbol. Safaa spelar mange arabiske instrument og elskar å spreie gode opplevingar fulle av energi og lengsel.

Safaa Al-Saadi er ein irakisk komponist, arrangør og multi-instrumentalist. Han bur og jobbar i Oslo og lagar musikk som er djupt forankra i tradisjonar frå Mesopotamia. Safaa har turnert både i Norge og Europa, både som solist og i ulike ensemble. Han har leia musikkverkstadar i ei rekke land og har undervist både på skular og høgskular.



Onsdag 3. juli kl. 10.00 Musikkstund med Safaa

Vie Barnehage - GRATIS


Onsdag 3. juli kl. 13.00 Musikkstund med Safaa

Naustdal idrettsbarnehage - GRATIS


Torsdag 4. juli kl. 10.00 Musikkstund med Safaa

Sunde barnehage - GRATIS


Torsdag 4. juli kl. 13.00 Musikkstund med Safaa

Langhaugane Barnehage - GRATIS


Fredag 5. juli kl. 10.00 Musikkstund med Safaa

Festplassen


Fredag 5. juli kl. 13.00 Musikkstund med Safaa

Bygstad Barnehage - GRATIS


 

 
Forrige
Forrige

Rolf Roys

Neste
Neste

Sousou & Maher Cissoko