Marjan Vahdat & Tord Gustavsen

 

Lengel til eit heimland og paradis du ikkje kan vitje

I eit land med strenge restriksjonar mot at kvinner kan synge offentleg, har iranske Marjan Vahdat lært av meistrane i persisk musikk. Ho har måtte forlate sin persiske hage og sitt paradis; Iran, og bur no i eksil i California. Gjennom songane på si tredje plate, Our Garden is Alone (2022), formidlar ho den djupe lengten etter heimlandet, med alle sine kulturskattar av poesi, musikk, bilde og tekstilar, i tillegg til unike kulturlandskap og forteljingar frå ein djup og frodig kulturtradisjon. Saknet etter menneska som bur der er også stort, dei ho har vakse opp med, men som ho no ikkje lenger får møte. Our Garden is Alone, fekk toppkritikkar og toppa dei internasjonale platelistene då den kom ut i 2022.

Marjan Vahdat er ein veletablert internasjonal artist, kjend for si uttrykksfulle og dirrande klare stemme. Saman med si eldre søster, Mahsa Vahdat, har Marjan stått på scena under Førdefestivalen eit par gonger tidlegare, men no kjem ho for første gong med sitt eige prosjekt. Med seg har ho den ein av våre mest kjende og mest populære jazzpianistar, Tord Gustavsen, og eit stjernelag av musikarar.

Tord Gustavsen er kjend for sin lyriske og meditative moderne jazz, som ofte har innslag av sakral musikk, gospel- og folkemusikk. Gustavsen har samarbeidd med ei rekkje kvinnelege jazzvokalistar, og har stor suksess med eigen trio og ulike ensemble.

 

Marjan Vahdat - vokal

Tord Gustavsen - piano, elektronikk

Ertan Tekin - duduk

Rune Arnesen - perkusjon

Gjermund Silset - kontrabass

 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 11.50 KAFFIPRATEN: Marjan Vahdat

Røyst, Nynorskhuset

Gratis


Søndag 7. juli kl. 15.00 Marjan Vahdat & Tord Gustavsen: Our Garden is Alone

Storsalen, Førdehuset

 

 
Forrige
Forrige

Mamelukk dansekompani - Livmødre

Neste
Neste

Mojna