Floating Sofa Quartet

Foto: Ivan Boll

 

Ung og modern folkemusikk frå Norden

Floating Sofa Quartet er eit moderne nordisk band med fire unge folkemusikarar frå Danmark, Sverige og Finland. Med ein unik kombinasjon av instrument, framfører kvartetten handlaga musikk med ein duft av våte furutre, salt sjøluft og ferskbrygga kaffi.

Bandet vart oppretta i 2013 då dei møttest på Nordtrad-konferansen i Vilnius i Litauen. Dei prata, jamma og koste seg i sola, då det brått flaut ein stor daud gris nedover elva forbi dei; ideen om Floating Sofa Quartet vart til der og då!

Repertoaret deira er ei spennande blanding av eigne komposisjoner og tradisjonelle verk fra heimlanda deira. Ømme melodiar og spenstige dansemelodier vert leveret med fine harmoniar, intensitet, humor og den varme akustiske lyden av treinstrument. Sett deg til rette i sofaen og la deg rive med!

Markus Tullberg (DK) - fløyter

Leija Lautamaja (FI) - 2,5-rads melodeon & harmonium

Clara Tesch (DK) - fele  

Malte Zeberg (SE) - kontrabass

 

Konsertar:

Fredag 5. juli kl. 21.00  Dans utan stans!
Festsalen, Førdehuset
KJØP BILLETT VED INNGANG

Laurdag 6. juli kl. 22.30 Klubb Oppsig
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
Forrige
Forrige

El Tanbura

Neste
Neste

FOTEFAR & JULIE ALAPNES