DEN UNDERLEGE DRAKEN

 

Bli med inn i den spennande drakehola

Draken som mytisk dyr fenger stadig nye generasjonar. Frå Katla i Brødrene Løvehjerte og Smaug i Hobbiten, til drakane i Harry Potter, Game of Thrones og Dragetemmeren. Draken er framleis høgst levande i folkediktinga vår. Så kvar oppsto eigentleg draken, og korleis hamna han på bygningar over heile verda, på norske vikingskip og stavkyrkjer? Og kvifor er draken så spanande, tusener av år etter mytene oppsto? Kan det vera at vi møter oss sjølv i draken?

«Den Underlege Draken» er ei nyskapande familieframsyning der tradisjonelt norsk slåttespel og nyskreve musikk møter dans, improvisasjon og live elektronikk. Publikum vert invitert inn i drakens hole, ei hole av lyd og rørsle...

 “Den underlege draken”  er eit tingingsverk av Gro Marie Svidal og Hildegunn Hovde i samarbeid med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Riksscenen.

 Produksjonen er støtta av Norsk Kulturråd og FFUK

 

Gro Marie Svidal - hardingfele, lyre, live electronics

Hildegunn Hovde - song, fløyte, zither, live electronics

Silje Risdal Liahagen - dans, song

 

 Framsyningar

Torsdag 4. juli kl. 18.00 Barneframsyning: Den underlege draken
Festsalen, Førdehuset

 

Fredag 5. juli kl. 18.00 Barneframsyning: Den underlege draken
Festsalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

FINN BROM – MED BENTE & STEIN

Neste
Neste

Dizu Plaatjies & Ibuyambo