Artistar & instrument - eit fotoprosjekt

Bildet er frå Festivalutstillinga i 2014, som var kurert av Oddleiv Apneseth. Ei spektakulær utstilling som vart strekt ut mellom søylene på det nye rådhuset i Førde. Foto: Knut Utler

Ei fotoutstilling blir til

Fotografane Oddleiv Apneseth og Andreas Eikeseth Nygjerd vil under årets festival freiste å portrettere så mange artistar (Andreas) og instrument (Oddleiv) som mogleg. Under festivalen vil prosjektet vere synleg med publisering av fire nye bilete, i stort format, kvar dag i Førdehuset.

Fotoutstillinga vil vere tilgjengeleg for publikum gjennom heile festivalen. Fri entré.

 

Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 15 ulike bøker.

Andreas Eikeseth Nygjerd (f. 1984) bur på Sandane i Nordfjord. Han er utdanna portrettfotograf hjå fotografmeister Hans Jørgen Brun i Bergen (2010-2014), og driv no sitt eige studio med base på Sandane. Han er høgt premiert i fleire nasjonale og internasjonale konkurransar. Mellom anna fekk han prisen for «Årets portrett» i Landskonkurransen For Fotografi (2016). Bileta hans har vore utstilt fleire stader i Norge, og er publisert i ei rekke land.

 

Festivalutstilling

Torsdag 4. juli kl. 17.30
 Utstillingsopning: Artistar & instrument - eit fotoprosjekt

Utstillingssalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Anandi Bhattacharya

Neste
Neste

Aslak Brimi Kvartett