SON DEL NENE

Son-del-Nene 05©petrakellner.jpg

Ai ai ai - autentisk son cubano!

El Nene sitt fulle namn er Pedro Lugo Martines, og han er utstyrt med ei utsøkt, kraftig og melankolsk stemme. På scena er han som ein yngre versjon av den verdskjende Ibrahim Ferrer (Buena Vista Social Club) - og likskapen gjeld ikkje berre utsjånaden.  

Han oppsøkte den eldre garde songarar for å lære songstilen i «klassisk» son cubano, og så bra har det gått, at han kan skilte med Latin Grammy med sitt første ensemble, Los Jovenes del Son. El Nene har også hovudrolla i Wim Wenders sin film ‘Musica Cubana - The Sons of Buena Vista’.

Son del Nene har eit variert repertoar spenner frå det sentimentale, litt melankolske, til energisk svingande cubanske rytmar, fulle av glede og vitalitet. Saman med sine sju musikarar i Son del Nene har han gjort suksess i Europa igjen og igjen - og for alle som elskar son cubano i si opprinnelege form er El Nene eit absolutt must.

‘Every foot starts moving in time. It’s music you just can’t resist.’

El Nene - vokal
Eduardo Acosta - gitar, vokal
Deivys Berroa - bass, vokal
Yoendry Ferrer - Congas, vokal
Rigoberto Gonzalez - perkusjon
Armando Lahullier - tres cubano, vokal
Gregory Lopez - trompet, vokal


Onsdag 4. juli kl. 20.30 Son del Nene
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

CubaGasta Design