Irene i Førde: Stor glede å få KOKK HEIM-premie

Irene sjekkar at kokkane Thomas og Bodil er i arbeid på kjøkenet.

 

Parken på Festplassen viste seg frå si beste side under Førdefestivalen sist juli, og på festivalfrukosten laurdag morgon strøymde det som vanleg på med folk i alle aldrar. På denne fine morgonen i parken, var det Irene Hjelm som stakk av med den gjeve KOKK HEIM-premien som festivalen sine mangeårige samarbeidspartar Norske Kokkers Landsforening Sogn og Fjordane og Coop Vest stiller med på festivalfrukosten kvart år. Det vil seie, Irene innrømmer at det var mannen hennar som hadde fylt ut dei rette svara på kvissen, men ho fekk levere, med sitt namn. Ergo: Irene vann!

Tekst: Torill Faleide | Foto: Arve Ullebø 

Håpte nesten ho ikkje skulle vinne

-Då eg hadde levert svara på kvissen, håpte eg visst nesten at eg ikkje skulle vinne, minnest ho. Ho tenkte det kom til å bli veldig til styr med ein slik premie. -Invitere gjester, bestemme meny og få kokkar heim på kjøkenet. Du veit, seier Irene, lett hovudristande over at ho kunne tenkje sånn.

Den litt lunka innstillinga til premien gjekk etter kvart over i pur glede. Irene innsåg rett og slett at KOKK HEIM-premien var ein gylden sjanse til å invitere gode vener heim på god mat, utan at eg skulle stresse med noko som helst.

 
 

Som på den beste restaurant

Premien var av stor verdi på mange måtar. Tidleg på hausten fann Irene ein dato som passa for kokken Thomas Holme Smådal, som i tillegg til å vere medeigar i kafeen Ferske Smakar på Amfi i Førde, dei siste åra har etablert seg som fast kokk hos Steinar Sørli og Yngve Brakstad på Åmot i Bygstad. så snart datoen var i boks, vart 3-rettarsmenyen bestemt, og Irene kunne sende ut ein hyggeleg invitasjon til venene ho ville ha rundt bordet.

 
 

Kveldens meny

FORRETT

Kamskjell, blomkål og bacon, rogn og dill

HOVUDRETT

Filet av kje, gulrot, raudbet, asparges, krema sopp og potetpure

DESSERT

Fløytepudding, molter og pasjonsfrukt, natronkake og lakris-is

 

Irene ønskjer velkomen til bords. Alltid hyggeleg å samle gode vener rundt bordet, og ekstra hyggeleg for vertskapet når tre-rettaren vert levert og ordna av andre.

 

-Det vart ein fantastisk kjekk kveld, med utruleg god og delikat tillaga mat, fortel Irene. Det var som å vere på den beste restaurant, og når dei siste gjestene heldt ut til halv fire, må vi jo berre seie at det heile var ein suksess, smiler vertinna, som kvart år prøvar å få med seg både festivalfrukosten og andre arrangement på Førdefestivalen. Ho har absolutt ikkje noko imot å vinne KOKK HEIM-premien fleire gonger, og takkar kokk Thomas Holme Smådal som saman med Bodil Erdalsdal, Oldermann i NKL Sogn og Fjordane og faglærar på Kokk og servitør, har ein stor del av æra for at denne novemberkvelden vart så utruleg vellukka.


Festivalfrukosten har vore eit fast innslag på Førdefestivalen sidan 2003. Dei siste 4 åra har Norske Kokkers Landsforening Sogn og Fjordane og Coop Vest stilt med KOKK HEIM-gevinst som premie på ein vinnar av frukostkvissen. Vinnaren av KOKK HEIM-premien får gratis mat til ein 3-rettars middag til inntil 8 personar, og to kokkar heim som lagar ordnar alt frå å dekke bordet til å lage og servere den herlege maten. I 2018 var det Irene Hjelm frå Førde som stakk av med den fine premien. 

 
Forrige
Forrige

Førdefestivalen 2019: 30 år utan grenser!

Neste
Neste

Arne Osland ny styreleiar for Førdefestivalen