MØT ARTISTEN SPESIAL: Canzoniere Grecanico Salentino frå Italia

Frå Lecce til Førde: 

- Det finst edderkoppar i dag også, men vi har mista kuren

Det er eit surr av stemmer i matsalen. Gjestene skålar med heva mjølkeglas fylte med raudvin, og dei bryt ut i glede når endå eit fat med heimelaga geitost blir bore inn frå kjøkenet. Så tek Mauro Durante fram fela. 

EIT EDDERKOPPNETT AV MYTAR: Heilt der nede i hælen av Italia, i det sørlege Puglia, finst ein tradisjon som heiter pizzica. Det blir fortalt mange historier om pizzica, mellom anna at dansen kan kurere edderkoppbit. 

Han dreg bogen prøvande over strengane, og praten blir skoren tvers av. Mauro og dei andre i bandet Canzoniere Grecanico Salentino har funne fram instrumenta og er klare til å spele, synge og danse.

Dei taktfaste slaga frå tamburinen slår inn i kroppen. Torebya frå trekkspelet eggar opp, brisen frå fløyta kjølar ned. Sjeldan er folkemusikk meir intens og hastande. Folk begynner å sitje uroleg på stolane, og fleire sprett opp. Dei grip etter ledige instrument, dei syng med og dansar. Alle er inkluderte. Yngstemann er elleve månader, eldstemann er 94 år. 

 

Dei første prøvande stega

Førdefestivalen er på italiensk gardsfest, heilt på ekte. Garden heiter Masseria Sant’Angelo og ligg i det sørlege Puglia, i hælen av Italia. Det tysk-italienske ekteparet Ursula og Rocco er vertsskap, og når dei har venefest, er det alltid musikk og dans.  

ALLE ER MED: Mauro Durante er gift med dansaren i bandet, Silvia Perrone. Saman har dei ein elleve månader gammal baby som óg er med når det er gardsfest hos familievener.

Det blir sagt at det var kvinnene som fann opp den heftige pizzica-dansen, eller tarantaen. Det var ein protest mot strenge og undertrykkande strukturar frå kyrkja og den patriarkalske samfunnsordninga. Kvinnene fortalde om eit edderkoppbit så giftig at det gjorde dei gale og ulukkelege, og dei hevda at den einaste kuren var å danse heftig til rytmisk musikk. Primalskrik-terapi, om du vil. Eller kvinnelist. 

Vi er her for å lære meir om pizzica, men heilt enkelt er det ikkje. Musikken og dansen er omgitt av myter og kan virke ein smule lukka. Kanskje treng ein å vite litt meir om livet på den italienske landsbygda, eller i alle fall skadar det ikkje å ta seg ein fest. 

Tilfeldigvis er eit amerikansk filmteam frå Amazon Prime også på besøk. TV-vert Mickela Mallozzi har testa DNA-et sitt og spora det tilbake til Italia, Balkan og Nord-Afrika mellom anna. Ho reiser i fotstpora til sitt eige arvemateriale gjennom dei respektive folkemusikktradisjonane. Både ho og vi er her for å lære. 

 

Salute!

Tre langbord er dekte i matsalen, gardens bankande hjarte. Ved det eine sit Mauro og resten av bandet saman med det amerikanske filmcrewet. Ved det andre sit inviterte vener frå nabogardane og dei kringliggande småbyane, og ved det tredje sit dei som bur på garden. Her har vi fått æresplass saman med ein tysk småbornsfamilie som er innlosjerte på to vekers gardsferie, og dessutan eit pensjonert, pasjonert par frå Frankrike som har valt eksillivet i Puglia. 

GÅR GLOBALT: Tilfeldigvis blir Mauro og dei andre i bandet Canzoniere Grecanico Salentino filma av Amazon Prime same dagen som Førdefestivalen er på besøk.

Etter kvart kjem eit ungt, italiensk par og slår seg ned ved sidan av oss. Rocco ropar ut til kjøkenpersonalet at dei må dekke på til to ekstra, og snart sit dei også med kvar sitt mjølkeglas i hendene. Stetteglas er unødvendig jåleri når drikkevarene er så gode. I denne delen av Puglia lagar dei vin på Negroamaro-drua som gir ein djup raud vin med mykje smak. 

Det unge paret er vener av Mauro. Han fortel korleis det gjekk til at dei gifta seg. 

- Pappa sa til meg: Ho er dotter av ein suksessrik vinhandlar, så henne må du gifte deg med. Det gjorde eg. Og no drikk eg vin. Salute!

Alle ler. Det er ei gøyal historie som bryt isen rundt matbordet, men også ei historie som høyrest litt framand ut i norske øyre, som om kvinner er vindruer som kan plukkast når dei er modne. Vi ser nærare på den unge kvinna. I dag er det ho som er ein suksessrik vinhandlar i familiebedrifta. 

 

Det som ligg bakanfor 

Kvinnene held seg ofte i bakgrunnen, fortel Ursula. På marknadsdagar står dei gjerne oppe på balkongen og falbyr varene sine med høge rop, eller dei held oppsyn med det som skjer på gateplan. 

I FINSTASEN:Gamlemor og gamlefar er i 90-åra, men alderen er ingen bremse når det er gardsfest.

I FINSTASEN:Gamlemor og gamlefar er i 90-åra, men alderen er ingen bremse når det er gardsfest.

Ursula legg merke til slike ting, ho ser på dagleglivet med nordeuropeiske auge. Det var ho som først stilte spørsmålsteikn ved kvifor det alltid var svigerfaren som underheldt gjestene og aldri svigermora; ho har også eit stort talent for å resitere dei tradisjonelle verselinjene. Dei siste fem-seks åra har dei nøda henne frampå, og no hender det at ho reiser seg opp og syng med. 

Svigerforeldra er i 90-åra. Dei er som klipte ut av ein Hollywood-film, med vêrbitne fjes og store smil. Dei stiller opp til intervju for filmcrewet, men er ikkje heilt vane med det høge tempoet. Filmcrewet vil at dei skal spele trekkspel og danse for kameraet, men svigerfar vil helst mimre litt om gamle dagar først. Opp gjennom tidene har han spelt med fleire av dei store folkemusikarane frå Salentino i Puglia. Han gnir dei ru arbeidshendene over ansiktet. Han har mista regien på sitt eige glansnummer, og ikkje høyrer han så godt heller. Men ok, han lar det stå til. 

«Kvifor blei aldri mennene bitne av den frykta edderkoppen?», spurde Ursula han ein gong. Det hadde ikkje svigerfaren noko svar på.

«Men korleis har det seg at kvinnene heller ikkje blir bitne lenger?», pressa Ursula på. 

«Det er fordi dei har slutta å jobbe på markene, og det er ikkje så lett å bli biten på kafé», meinte svigerfaren. Og dermed besvarte han i grunn begge spørsmåla. 

Patriarkatet står framleis står sterkt, fortel Mauro. 

- Italia har dessverre ein lang veg å gå når det gjeld likestilling. Det er få kvinner i nøkkelroller, anten det er i finansiell eller politisk sektor. Nordiske land er komne lenger, seier han. 

 

Italias svar på voodoo 

- Pizzica er både musikk og dans, forklarer Mauro, van med å måtte hente fram teskeia når han snakkar med utanforståande. 

- Musikken har forskjellige funksjonar. Først og fremst blir den brukt i sosiale lag der folk møtest og dansar saman. Alle dansar: unge og gamle, kvinner og menn, kvinner og kvinner, menn og menn. Dernest blir musikken brukt i ein kampsport-dans som vi kallar «dans med knivar». Denne dansen er berre for menn. Dei held peikefingeren og langfingeren stivt framfor seg som ein kniv og latar som om dei utfordrar kvarandre. Og så er det taranta som du nemner. Taranta hadde tradisjonelt ein terapeutisk og lækjande funksjon. 

Nedanfor kan du sjå video av den intense dansen og dessutan få ei grundig innføring: 

- Men dette edderkoppbitet, er ikkje det berre ein myte, spør vi.

- Bitet er symbolsk, men det er likevel ekte, seier han.

Tilsynelatande ei sjølvmotseiing, men her ligg altså forklaringa. 

- Kvinnene hadde ekstremt dårlege kår. Det kunne vere snakk om depresjon eller kjærleikssorg eller kva som helst. Edderkoppen var personifiseringa av den djupe lidinga, og gjennom bitet fekk dei sjukdommen inn i seg. Kuren var eit komplekst rituale knytta til dansen. Fellesskapen ville aldri la nokon li åleine, men heller prøve å lækje dei med dette eldgamle ritualet. 

Tarantismo døydde ut på midten av 1900-talet, blir det sagt. Tarantismo i si opphavlege form finst ikkje lenger, men det gjer lidinga. 

- Også i dag har vi edderkoppar, men vi har mista kuren. I dag går vi til legen og får utstkrive medisinar, og så går vi heim og sit åleine i sofaen og lir. Eg trur at dansen og transen framleis har denne krafta til å løfte deg ut av lidinga og få deg til å føle deg betre. Men det hjelp ikkje å danse åleine. Kontakten er det spesielle med pizzica taranta. Ein dansar i lag, berrføtt, ansikt mot ansikt, seier Mauro. 

Prøv å forestille deg - for ein augneblink - kor viktig tarantismo var (er?) for folk. Tarantismo er Italia´s svar på voodoo frå Haiti, det er dei same kreftene som er i sving. 

- Det er imponerande at tarantismo kunne leve til midten av det tjuande hundreåret i eit vestleg, katalosk land som Italia, seier Mauro. 

 

Ord frå tidlegare tider

«Ientu, ientu, ientu» syng Canzoniere Grecanico Salentino - heretter kalla CGS. Det betyr «vind» på den italienske dialekten deira. CGS syng dels på den lokale dialekten og dels på greki, ei eldgammal språkform. Greske migrantar kom til denne delen av Italia i fleire bølgjer i romersk og bysantinsk tid, og greki er i dagleg bruk i ni landsbyar, særleg bland eldre menneske. 

STERKE KREFTER I SVING: Dansen varer inn i seine nattetimar. 

«Iento» handlar om å finne tilbake til den naturlege rytmen, den som gjer deg i stand til å lytte til deg sjølv og andre i staden for heile tida å multitaske og jage etter tidsfristar og aldri vere fullt ut fokusert om noko som helst. 

Å oppleve pizzica i levande live er noko heilt anna enn digital avspeling. Dess nærare du står tamburinane, dess sterkare er det sannsynleg at du reagerer. Det kan verke som om det eldgamle ritualet ikkje let seg overføre med talsystemet 0 og 1.

Tilbake på garden har festen vart inn i dei seine nattetimane. Den frenetiske dansinga har roa seg og gått over til pardans. Menn dansar med menn, og kvinner med kvinner. Dei dansar med lukka auge og lepper som beveger seg synkront med dei framande orda. Kanskje har dei kjent edderkoppen bite, kanskje er gifta på veg ut av kroppen. 

 

Bandet har gått i arv

Det var foreldra til Mauro som grunnla CGS tilbake på 1970-talet. Mauro begynte å spele i bandet som 14-åring, og i 2007 tok han over som leiar etter faren. Han beskriv det som eit overgangsrite. Ein av dei første tinga han gjorde var å byte ut den eldre generasjonen med dei beste, unge musikarane han kunne finne i området. Siste tilfanget kom i 2015 då den kvinnelege songaren Alessia Tondo blei med.

- Bandet blei grunnlagt i 1975 av unge musikarar. Førti år seinare består bandet igjen av unge musikarar. Det følest riktig, seier Mauro. 

Sidan har det berre gått oppover. CGS turnerer verda rundt. Dei har spelt med globale stjerner som Ballake Sissiko (kora-spelaren frå Mali), og uortodokse popartistar som Stewart Copeland (trommeslagaren i The Police). 

Sjå bildeserie nedanfor: Essensen av italiensk gardsfest. 

Bandet får blomstrande mediaomtale verda over. 

«CGS was a whirlwind», skriv The New York Times. «One of the best bands in the world at the moment without a shred of doubt» skriv worldmusic-magasinet Froots. Nokon held dei også som favorittar til den årlege Songlines Music Awards. 

- Det gjer meg utruleg stolt, men drivkrafta er å spele konsert og sjå reaksjonen til folk. Når auga deira skin av glede, seier Mauro. 

- Kjende du eit press for å overta som leiar, spør vi.  

- Det var ein miks av spenning og forplikting. CGS var eit respektert band gjennom 32 år. Eg var 23 år og den desidert yngste i bandet. Eg var redd for å gjere feil, og sjølvsagt gjorde eg også feil. Etter kvart har eg blitt ein betre leiar. Eg er ein perfeksjonist. Eg prøver å avansere på alle område: ete betre, spele betre, vere ein betre bandleiar, ektemann og far. Det er ikkje sikkert at eg klarer det, men eg føler meg betre når eg prøver.

Tekst, Foto og Video BlackStarJournal

Videointervju på LO.FT, Lecce

Guest User