Op sødeste sang - i arkivet

 
 Synnøve S. Bjørset er musikkarkivar og musikar. Foto: Eivind Kaasin

Synnøve S. Bjørset er musikkarkivar og musikar. Foto: Eivind Kaasin

- I fylkesarkivet har vi berre ei kjelde til salmen som har gjeve namn til denne kyrkjekonserten, fortel musikkarkivar Synnøve Sæmundsdotter Bjørset. - Det er eit lydopptak der Lars Ryssdal frå Gloppen framfører tre vers.

- Teksten er skriven av den norskdanske presten Iver Brinch og har blitt nytta til fleire ulike melodiar over heile landet. Som religiøs folketone er det også tale om ei rekkje større og mindre variasjonar i tekst.

«Opp, jublende sang» som står som nr. 638 i Norsk Salmebok (1985) med melodi av Ludcig M. Lindemann, skal vere ein «samanslått versjon» av to av Brinch sine salmar: «Op sødeste sang» og «Å gledelig dag». Men dette er ikkje den same teksten som Ryssdal nyttar, og dessutan med ein heilt annan melodi.

Det første verset Ryssdal syng, har truleg stått på trykk med denne ordlyden:

Op sødeste Sang,
Op Salter og Harpe,
Lad høre din Klang.
Og alt, som er i mig
ag ædleste Rod,
Tak Jesum,
som altid har været saa god,
Og nylig forløste mit Hjerte
af Tvang,
Tak tusinde Gang!
Tak tusinde Gang!

 
Andrine Faleide