
Takk - og god sommar!
Takk til alle som kom og skapte magiske musikkopplevingar på den 35. Førdefestivalen!
Vi tek minna med oss inn i sommarferien - som varer til 20. august.
Dato for neste festival er 1.- 5. juli 2026!
Foto frå framføringa av Marja Mortensson sitt tingingsverk! Foto: Lieve Boussauw
Om du er på festivalen, vil vi gjerne ha tilbakemelding frå deg! Skann QR-koden på bildet til høgre, og svar på nokre enkle spørsmål, så er du med i trekninga av festivalpass til Førdefestivalen 2026, som går av stabelen 1.-5. juli!
Bli med på publikumsundersøkinga!
-
Natt på museet
Få med deg ein unik kveld på Sogn og Fjordane Kunstmuseum med kunst, musikk, dans, aktivitetar og forfriskingar!
-
Klubb på Larris
Sjekk ut Antti Paalanen og Besh o droM, og bli med på det vi må kalle ein rå og heilt grenselaus splittkonsert på fredagskvelden.
-
Columbi Egg
Akustiske perler på ei snor presenterte av muntrasjons-rådet Gabriel Fliflet er ein desidert vinnar når det er festival i byen.
-
Festivalnatt
To internasjonale toppband, med kvar sine stilar, ventar alle som blir med på festen laurdag i Sunnfjordsalen. KOM, KOM!
-
Torsdag: Opningskonsert
Førde sin eigen radio- og tv-profil, Ronny Brede Aase leiar årets opningskonsert som har Musikk & Språk som tema.
-
Fredag: IRSK!
I år blir det IRSK!! på fredags-kvelden, med strålande The Friel Sisters (bildet) og Goitse, og langbord og bar i Idrettshallen.
-
Folkemusikalsk Språksjov
på laurdagskvelden, med sjølvaste Linda Eide og ei rekkje festivalartistar som alle har språklege interesser.
-
Jubileumsfrukost i Sentrum Sør
Laurdag morgon inviterer vi til gatefrukost i Sentrum Sør og på Langebrua. Mat, musikk og aktivitetar for store og små.
Alt dette og meir til får du oppleve på Førdefestivalen i sommar!
Her er den offisielle spelelista for Førdefestivalen 2025. Har du funne dine nye favorittar?
“The value of the festival is the careful treatment of important themes and all people. This is unique and hopefully the political stakeholders understand, what kind of jewel Førdefestival is for peaceful life in a todays world.”
— INTERNASJONAL DELEGAT