Spindel duo - Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken

Spindel duo - Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken. Foto: Magnus Skrede

 

Ekte musikalsk kjærleik

Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken utgjorde halvparten av det aller første studentkullet ved Ole Bull Akademiet seint på 90-talet. Dei fann tonen, og eit varig venskap både med og utan fele oppstod. Spindel duo var eit faktum, og gjorde stor lukke med sine friske tolkingar av slåttar frå Vestlandet og særleg Nordfjord. Årevis med samspel seint og tidleg har resultert i unikt og tett samspel.

Etter ein del svært aktive år, med oppdrag i store og små format og to plateutgjevingar, Spindel (2021) og Aminje (2007), fekk Sigrid Moldestad det travelt med solokarriere medan Liv Merete Kroken hadde musikken som hobby. Dei siste åra har dei funne tid og rom til å ta opp att Spindel duo-spelet, til glede for seg sjølv og alle som er glade i godt slåttespel. Då dei markerte sine første 20 år som duo, kalla dei det for ei 20 år gamal musikalsk forelsking, men vi trur det er snakk om ekte musikalsk kjærleik!

 
Forrige
Forrige

Høgemo & Karlsrud

Neste
Neste

KVARTS