Fred! er tema for Førdefestivalen 2026

Ting er ikkje som dei skal i verda. Krig, våpenkappløp og konflikt er den nye normalen. Vi ser ei aukande polarisering og eit internasjonalt dialogklima som hardnar til.
Det er då vi må snakke om fred.

Når vi no brukar så mykje pengar på forsvar, kuler og krut, så må vi også hugse på kva det er vi forsvarar.
— Lubna Jaffery

Ting er ikkje som dei skal i verda. Krig, våpenkappløp og konflikt er den nye normalen. Vi ser ei aukande polarisering og eit internasjonalt dialogklima som hardnar til. Det er då vi må snakke om fred.

Som kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery minna oss på i kulturtalen sin i år: “Når vi no brukar så mykje pengar på forsvar, kuler og krut, så må vi også hugse på kva det er vi forsvarar.”

Den europeiske menneskerettsdomstolen slår fast at kunstnarleg ytringsfridom er fundamentalt for å oppretthalde eit demokratisk samfunn. Demokrati er fundamentet for fred. Kultur gjer oss ikkje immune mot konflikt, men gjev oss eit språk å møte konflikt med, og eit rom der vi kan sjå kvarandre som medspelarar. Kunsten speglar samfunnet og tek pulsen på det som skjer. Kunsten og musikken fortel historia til eit folk. Så lenge kunsten og kulturen til eit folk eksisterer, eksisterer også folket. Det handlar om å overleve. Kultur skapar stoltheit og identitet, byggjer fellesskap og motstandskraft. Då har vi noko å forsvare og kjempe for.

I ei tid der samtalen hardnar til og samhaldet vert svakare, treng vi felles erfaringar som kan avvæpne konflikt og skape tillit. Musikken gjer akkurat det: den bind oss saman på tvers av språk, kultur og politiske grenser. Å uttrykkje seg musikalsk er like grunnleggande som å puste. Musikken stilnar ikkje. Sjølv om den er forboden, sjølv om bombene regnar. Folk sluttar ikkje å synge, spele og danse. Når det er mørkt rundt oss, treng vi ein song å nynne på, eller å synge saman, for å finne styrke og meining.

The best weapon is to sit down and talk
— Nelson Mandela

Å bringe folk saman

Utanfor Nobels fredssenter i Oslo står Fredsbenken. Den er forma som ein boge slik at dei som sit på benken vert ført tettare saman. Benken heiter «The Best Weapon» etter eit sitat frå fredsprisvinnar Nelson Mandela: «The best weapon is to sit down and talk». På norsk: «Det beste våpenet er å sitte ned og snakke saman». På førdefestivalsk: “Det beste våpenet er å sitte ned og spele saman”. Eller å danse saman, å synge saman, å lytte saman. Førdefestivalen har alltid hatt som føremål å vere ein møteplass for artistar frå heile verda. Og ikkje nok med det, gjennom å vere ein slik møteplass, også medverke til fred og forståing mellom folk og nasjonar.

Truleg har vi meir enn nokon gong bruk for rom der ulike tradisjonar, språk og uttrykk kan møtast i respekt og nysgjerrigheit. Førdefestivalen tek imot musikarar frå heile verda, med kulturar og uttrykk som både liknar og skil seg frå våre eigne. Møta mellom dei skaper ikkje berre musikk – dei skaper forståing, lytting og fellesskap. Det er fred i praksis.

Sjølv om det ikkje er fred rundt oss, kan musikk skape fred i menneske. Om ikkje alltid i tydinga «fråvær av krig», så fred i sinn, i kroppen, i fellesskapet – for dei som lever i ein krigskvardag.

Det er på tide å setje fokus på fred. Å heve stemma for fred. Og på den neste Førdefestivalen spelar vi for fred.

Sølvi Lien
direktør