Polsen er i vinden som aldri før! Suggererande og drivande. Ein dans du får lyst å danse om og om igjen, heile kvelden, heile natta. Om du berre kan den då.
Og no har du sjansen. I år blir det kurs i rørospols, og det med dei beste instruktørane. Toril Jørgensen og Rolf J. Feragen er svært erfarne dansarar og pedagogar, og sørger for at når kurset er over er du godt rusta for dansegolvet - og så får vi sjå om du klarer å stoppe.
Kurset passar for ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar.
Levande musikk av Olav Mjelva – det blir ikkje betre!