Tilbake til alle arrangementer

Krasjkurs i Jølstraspringar    

  • Storsalen, Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde (kart)
 

Stad: Storsalen, Førdehuset

Instruktørar: Dansarar frå Indre Sunnfjord spelemannslag

Her kan du kome utan verken pengar eller partnar - berre med danselyst og dansesko!

Så hiv deg med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i Jølstraspringaren – dansen som målaren Nikolai Astrup har skildra i mange av måleria sine, og som han og kona Engel gjerne såg vart instruert i og dansa i heimen sin, Astruptunet.

Og nei – det er ikkje så vanskeleg – det er nok enklare enn du kanskje trur! Vi ynskjer at du skal få kjenne på dansegleda ved å bli med på dansegolvet under festivalen, og vi garanterer bruksverdi etter ein time saman med medlemmer i Indre Sunnfjord spelemannslag.

 
Forrige
Forrige
7. juli

Polskurs med Ole Nilssen - dag 1

Neste
Neste
8. juli

GRATIS dropp-inn dansekurs for alle (Copy)