ARTISTKONTAKT

Artistane skal ha det bra medan dei er i Førde, og vi gjer alt vi kan for å representere Førdefestivalen på best mogleg måte.

PÅ DENNE SIDA FINN DU


KRASJKURS

 

FØR FESTIVALEN

Møt opp på frivilligmøte søndag 30. juni. Der får du utdelt timeplanar, matbongar og TONO-skjema. Gjer deg kjent med timeplanen.

ARTISTEN KJEM!

Møt artisten din ved ankomst. Om du skal møte dei på Førde lufthamn kan du ta flybussen gratis (sjå tidstabell lenger ned på denne sida). Vis artisten til overnattingsstad og informer gjerne om konsertstad, billettkontor, artistservice og anna. Gå også gjerne gjennom timeplanen med artisten og avtal oppmøtetidspunkt og tider for måltid.

FØR KONSERT/OPPDRAG

Undersøk kva transport som trengs. Bestill bil og eventuelt sjåfør hjå artistservice. Du skal vere til stades under lydprøver og sjå til at artisten har alt som trengs til opptreden. Finn også ut om artisten har garderobe eller øvingsrom i forkant av/under konsert/oppdrag og kvar dette er.

GJENNOMFØRING AV KONSERT

Her treng du rett og slett kun å vere til stades. Nokon gonger ønskjer artistane at artistkontakt hjelper til med til dømes salg av CDar under/rett etter konsert.

ETTER KONSERT/OPPDRAG

Fyll ut TONO-skjema saman med artisten. Ta gjerne artisten med innom artistservice, då kan dei få ei festival-T-skjorte som festivalgåve!

ARTISTEN REISER

Avklar avreisetidspunkt med artisten og sørg for transport til avreisestad (artistar tar flybussen gratis). Fyll ut evalueringsskjema for artistkontakter og lever det og TONO-skjema til artistservice.

 
 
 

HOVUDOPPGÅVA DI

---------------

Artistane skal ha det bra medan dei er i Førde, og vi gjer alt vi kan for å representere Førdefestivalen på best mogleg måte.Oppgåva di er å syte for at artistane kjem seg til lydprøver, konsertar og andre oppdrag. Du hjelper artistane til rette praktisk, men evner og å vere myndig når det gjeld tidspunkt og anna.

KOR KAN EG FÅ HJELP?

--------------------

Alle spørsmål skal først rettast til artistservice.

I Artistservice i kjellaretasjen på Førdehuset kan du få svar på alle spørsmål du måtte ha, du kan få låne bil, treng du støtte og å dele historier, manglar du matbongar, kom til Artistservice.

Det finst og eit låsbart instrumentrom for artistane ved sidan av Artistservice.

Telefon artistserviceskranken **940 20 716**


TRANSPORT

 

Ankomst og avreise

Nokre artistar kjem med fly, andre med bil eller buss. Artistkontakten møter artisten sin ved ankomst, eller lagar avtale med dei om møtepunkt.
Dei utanlandske artistane er det viktig å møte på flyplassen. Norske artistar kan ein lage avtale med om å møtast t.d. på Firda billag. Artistar og artistkontaktar reiser gratis med flybussen.

Artistkontaktane må sjå til at artistane kjem avgårde til rett tid ved avreise.

Rutetider for flybussen
Avreiser frå Firda billag til Bringeland

Tysdag 2.juli – fredag 5.juli:
05:00
08:15
12:30
19:35

Laurdag 6.juli:
08:15

Sundag 7.juli:
08:15
12:30
15:45
19:35

Måndag 8.juli:
05:00
08:15
12:30
19:35

Lokal transport

I 2024 går det ingen artistbuss.

Treng din artist transport, avtal tid og behov med Artistservice i god tid. Dei har ein del bilar og nokre sjåførar tilgjengeleg.

 

OVERNATTING

 

Alle artistane bur på festivalhotellet, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

Kontaktinformasjon:

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
tlf. 57 83 40 00 (resepsjon)

 

MAT

 

Måltida vert servert i Restaurant Laxen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

kl. 12.00-15.00 Lunsj
kl. 18.00-21.30 middag (sundag-onsdag)
kl. 18.00-22.00 middag (torsdag-laurdag)

Sjekk timeplanen til artistane og planlegg når det høver best å ete.

Artistkontakten kan ete saman med sine artistar. Matbongar til gruppa og deg sjølv finn du i artistmappa di. I utgangspunktet har artistkontakt kontroll på alle bongane til kvart måltid, då det er for gjort for artistane å gløyme desse. I tillegg er det 1 drikkebong (øl/vin/mineralvatn) per person per dag, denne kan kun nyttast til middagen. Alle mat- og drikkebongar som eventuelt ikkje vert brukt skal leverast tilbake til artistservice. Ta også kontakt med artistservice dersom du har fått utdelt feil tal matbongar eller har andre spørsmål.

Nokre musikarar er med i fleire prosjekt, og alle matbongane til desse er pakka i mappa til den fyrste artistkontakten. Det betyr at artistkontakten gjev konvolutten til artisten når sitt oppdrag er over.

Vi har bestilt mat andre stadar enn på hotellet dersom vi ser at artistane ikkje har anledning til å ete på Scandic. Denne informasjonen står i så fall i timeplanen. Det er bestilt suppe/kveldsmat ved seine ankomstar til Førde. Meld frå til Artistservice om de treng å gjere endringar i høve oppsett plan. Artistservice tek seg av eventuelle ekstrabestillingar.

Det vert forfriskningar bak scena/på øvingsrom. Ved behov for meir kaffi/te eller liknande kan de bestille meir hos frivilligkjøkkenet, og hente det i kjellaren på Førdehuset. Frivilligkjøkken: tlf. 929 43 497. Artistane som spelar på Scandic får backstageservering av hotellet.

Dansespelemenn- og kvinner får også nattmat på frivilligkjøkkenet i kjellaren. Sei ifrå til kjøkkenansvarleg innan kl. 17.00 dersom artistane ikkje ønskjer dette.

 

TIMEPLAN

 

Du som artistkontakt er ansvarleg for at artistane er på plass presis til alle timeplan­festa aktivitetar. Det er eit tett program på festivalen og det er difor viktig å vere ute i god tid til alle programpostane i timeplanen slik at det ikkje blir forseinkingar. Avtal møtetidspunkt og planlegg med artisten i forkant.

Til prøver for Opningskonsert og Nordiske røter i Idrettshallen skal gruppa møte minst 10 min før oppsett prøvetid. Klokkeslettet i timeplanen er tida dei skal vere klare på scena. På konsertar i Idrettshallen må artistkontakt fylgje med på klokka slik at artistane er klare bak scena til rett tid i tråd med køyreplanen som blir utdelt. Pass på i Idrettshallen: det er berre tepper som skil publikum og dei som er bak scena. Dei som ventar på tur til å opptre må difor vere rolege slik at ein ikkje forstyrrar publikum og dei som står på scena.

Få artisten til å fylle ut TONO-skjema, eitt for kvar opptreden. Lever desse i artistservice. Då får nemleg musikarane utbetalt TONO-pengar. Mange norske artistar vel å gjere dette digitalt, og då treng ikkje artistkontakt å gjere noko.

Artistane kan selje CD-ar og anna på konsertarenaen i 1 time etter at dei har hatt sin hovudkonsert på huset. Artistane kan og gjere avtale med Etnisk Musikklubb om å selje CD-ar for seg på Førdehuset.

Du som artistkontakt er ansvarleg for kommunikasjon mellom artist og arenaansvarleg bak scena. Gje melding om sceneutstyr som bord/stolar etc. Bli med gruppa på plass bak scena og hjelp til med framsetjing av stolar o.l. på scena om naudsynt. Mange artistar vil ha vassflasker og handkle på scena. Sjekk med din artist og få eventuelt tak i vassflasker frå frivilligkjøkkenet og handkle frå Artistservice. På Scandic leverer hotellet dette.

Dersom artistane har behov for å oppbevare instrumenta sine er det eit låsbart instrumentrom for artistane ved sida av artistservice. Henvend deg i artistserviceskranken for å få det låst opp og igjen.

 
 

Anna informasjon

 

Artistgåver

Ta med artistane dine innom Artistservice i løpet av festivalen. Alle artistar får utdelt T-skjorte som artistgåve.

Festivalband

Artistar og artistkontaktar får artistarmband; det betyr fritt tilgjenge til alle konsertar der det er ledig plass. Frivillige og artistar må vente til publikum med billettar og gjestepass har kome inn.

Frivilligfest

Sundag kveld kl. 20 er alle frivillige og artistar inviterte på fest i Larris bar på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Vi feirer Førdefestivalen og frivillige og folkemusikken. Det blir mat, moro, musikk og mykje bra menneske. Ta gjerne med deg artistane dine og instrumenta deira og kom på fest og jam!

Dersom du legg ut bilete på Instagram, merk dei gjerne med #førdefestivalen #verdakjemtilførde #folkemusikk #festivalenformusikkelskarar

Tusen, tusen takk for at de stiller med tid og kunnskap og smila dykkar. Lykke til; de er heilt fantastiske!