Festivalmagasinet: Lokal - Global (2014)

Årleg fotomagasin frå Førdefestivalen. Inneheld musikalske høgdepunkt, dansemooves, gåsehudsituasjonar og bak-scena-møte på årets beste fest i folkemusikk-familien: Førdefestivalen. 300 artistar frå 30 land speler på 30 scener i og rundt Førde og Sunnfjord i løpet av 5 sommardagar- og netter. Artistane kjem frå heile verda, og dei har med seg folkemusikken sin. Dei kjem til Førde som ei motstraum-mainstream-bølge for å dele det som er spesielt med akkurat deira tradisjon.

I fotomagasinet får du 68 sider med korte tekstar og utvalde bilde frå våre faste fotografar - ei suvenir-utgåve frå kvart år.

Vil du ha fotomagasinet trykt på papir, kan du kjøpe det på Blurb.

FOTO: Arvid Anthun, Oddleiv Apneseth, Geir Birkeland, David Franklin Bowen, Heidi Hattestein, Malgorcata Kurylowicz, Alf-Vidar Snæland, Arve Ullebø og Knut Utler. TEKST: Heidi Hattestein. DESIGN: BlackStarJournal.

David Bowen