Trommesafari (3-10 år)
Abu Adonaba er det mange som hugsar frå tidlegare Bornas Verdsdag-arrangement. Det er alltid kjekt når han kjem med trommene sine og lærer frå seg songar og triks!
Her får du spele på dei afrikanske trommene til læremeister Abu. Han lærer deg enkle songar, og korleis du lagar mange ulike lydar på ei tromme.