AKTIVITETAR

Motankadokker er laga av ulike stoffbitar, og er ein viktig ukrainsk tradisjon. Dette bildet er frå ein motankaverkstad under Førdefestivalen i 2022.

På Bornas Verdsdag har vi mange gode samarbeidspartar som stiller opp med fine aktivitetar heile dagen. Aktivitetane er gratis å delta på, og du kan besøke dei heile dagen. Her er ein oversikt over det kjekke du kan prøve deg på i år:

MORO MED SPAREBANKEN 1 SOGN OG FJORDANE

I foajeen utanfor teatersalen møter du maskotane til banken, og du kan bli med på ulike moro-greier med folka i banken. Sparebanken 1 Sogn og Fjordane er ein av hovudsponsorane til Førdefestivalen, og det er alltid kjekt å ha dei med på Bornas Verdsdag.

MOTANKADOKKER OG INTERNASJONAL JULEPYNT

På biblioteket kan du lage motankadokker eller fin julepynkt saman med elevar frå UWC i Flekke og folk frå organisasjonen “Livet vil vinne”.

MEKSIKANSKE MASKER, EBRU-MÅLING OG T-SKJORTETRYKK

I peisestova - som er rommet rett ned trappa med biblioteket, kan du lage flotte meksikanske masker, prøve deg på ebru-måling eller trykke noko fint på ei t-skjorte eller noko anna du tek med. Desse aktivitetane skjer i samarbeid med elevar frå Førde VGS og Tuba Ardic.

LEIK OG TRADISJON

På mesaninen, rett opp i 2. etasje frå foajeen, får du prøve deg på tradisjonsrike og spennande handverksaktivitetar saman med dei kreative folka frå Sunnfjord Museum.

Forrige
Forrige

YOGA (4+)

Neste
Neste

Internasjonal kafe