Velkomen til den grøne oasen ved Jølstra og til levande balafon-rytmar med Kanazoé Orkestra frå Burkina Faso! Kanazoé er kallenamnet til frontfiguren Seydou Diabaté. Han vaks opp i ein landsby der dei levde og ånda for balafonen, og alt som 5-åring var han med faren på spelejobbar. I 2010 installerte han seg i Frankrike, og starta Kanazoé Orkestra, for å gjere draumen verkeleg: å utvikle og spreie musikktradisjonen sin saman med musikarar med andre horisontar enn han sjølv. Bandet blandar eldgamle balafontradisjonar med meir moderne afrikanske og urbane rytmar, og utforskar afrobeats, amapiano og afro-trap medan dei samstundes heidrar Sambla--røtene sine. No er Kanazoé Orkestra klare for sin første konsert i Noreg, og då ligg alt til rette for ein herleg sommarfest i parken vår!