Rydvall / Mjelva / Carr | Sverige, Noreg

Tre meistrar som sprenger grenser

Etter å ha kryssa spor og utforska tanken om samarbeid i fleire år, har Erik Rydvall, Olav Mjelva og Ale Carr, tre soleklare einarar på den nordiske musikkhimmelen, endeleg gått saman i ein ny trio.

Den unike instrumenteringa deira, nyckelharpe, hardingfele og sister, flettar dei samen  – flettar saman dei rike og detaljrike klangane i nordisk tradisjonsmusikk. På meisterleg vis utforskar dei svingane og nyansane i skandinaviske melodiar, og let djupna frå folkemusikk-tradisjonane møte subtile impulsar frå kammer- og barokkmusikk.

Repertoaret deira hentar inspirasjon frå folkemusikktradisjonane i Noreg og Sverige. «Kvar låt vi spelar er eit vindauge inn i dei fysiske og musikalske landskapa vi kjem frå», seier Erik Rydvall. Han sjølv er virtuos på det svenske nasjonalinstrumentet nøkkelharpe. Med seg har han Olav Luksengård Mjelva, prisvinnande hardingfelespelar og Spellemannprisvinnar, og Ale Carr, ein høgt respektert sisterspelar og medlem av den anerkjende gruppa Dreamers’ Circus.

Musikken til Olav og Erik har òg vore med i filmar og spel som The Lord of the Rings, Loki og God of War. Saman skaper dei ei musikalsk reise som både grip og blir verande i minnet. Ale har òg opparbeidd seg eit solid namn som komponist og utøvar, og har samarbeidd med artistar som fiolinvirtuosen Pekka Kuusisto.

Tre meisterar i sitt fag – som sprengjer nye grenser for nordisk musikk.

Erik Rydvall - nøkkelharpe

Olav Mjelva - hardingfele

Ale Carr - cister

KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 14.30
RYDVALL / MJELVA / CARR

Larris Scene, Scandic


Søndag 5. juli kl. 16.30
RYDVALL / MJELVA / CARR

Fjordamattunet, Vassenden

Forrige
Forrige

Rima Iraki | Noreg, Palestina

Neste
Neste

Sam Lee | UK