Qvam/Plassen | Noreg
Folkemusikk med røter og rytme - og sjel
Solide røter i tradisjonsmusikken frå fjellregionen i Trøndelag og Nord-Østredalen ligg i botn når Bendik Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen byr på moderne folkemusikk, ispedd fengjande riff, bukkehornspel og folkesong. Årets Spellemannprisvinnarar serverer nydeleg vokal, med godt komp av gitar, mandolin, bukkehorn, lyre og gitar. Duoen gir oss drivande rytmar og nydelege klangar i eit intimt og nært lydbilde, som også er prega av at begge har bakgrunn både frå blues og viser. Dette er folkemusikk og speleglede som kan smelte eit kvart musikkhjarte.
Musikken på debutalbumet Stråk (2025) speglar livets mange sider slik det ein gong var i Nord-Østerdalen og Trøndelag: historier om tunge kår og slit, om ung kjærleik som både brenn og svir, og om folket si evige lengt etter musikk og dans som ei flukt frå kvardagen.
Tittelen Stråk viser til ei ferd, eit strøk – eit område eller ei gjennomfartsåre. Nord-Østerdalen og Trøndelag har alltid vore slike landskap – stader folk har reist gjennom, med musikken som fast følgjesvein.
Synnøve Brøndbo Plassen: Vokal, gitar og lyre
Bendik Qvam: Gitar, vokal, bukkehorn og seljefløyte