KANAZOÉ ORKESTRA | Burkina Faso
Vest-afrikansk fyrverkeri
Seydou Diabaté, som går under kallenamnet Kanazoé, er kjend over heile det afrikanske kontinentet som det unge balafongeniet. Han kombinerer ein ekstrem teknikk med høgt utvikla kreativitet og musikalitet, og ‘eig’ instrumentet!
Kanazoé er fødd i Burkina Faso, i landsbyen Sambla de Toronso. Der nøyer dei seg ikkje med å spele balafon, der snakkar dei med dette instrumentet, og alt frå 5-årsalderen var Seydou med faren når han spelte på tradisjonelle seremoniar, eller når dei skulle oppmuntre arbeidarar i åkrane til å yte sitt beste. Han mista foreldra sine før han fylte 10 år, og hamna då i lære hos ein onkel til han var dyktig nok til å klare seg åleine – på balafonen. I 2010 gjekk turen til Frankrike, og Kanazoé Orkestra såg dagens lys. No kunne han endeleg gjere draumen sin verkeleg: å utvikle og spreie musikktradisjonen sin saman med musikarar med andre tankar og horisontar enn han sjølv, og ta balafonen med til stadig nye område.
Kanazoé Orkestra blandar eldgamle balafontradisjonar med meir moderne afrikanske og urbane rytmar, og utforskar afrobeats, amapiano og afro-trap medan dei samstundes heidrar Sambla-røtene sine. No er Kanazoé Orkestra klare for sin første konsert i Noreg, og då ligg alt til rette for ein herleg sommarfest i parken vår!
Seydou «Kanazoé» Diabaté - balafon, vokal
Mamadou "Madou" Dembélé - balafon, n'goni, fløyte, vokal
Losso Keïta - vokal
Martin Etienne - keyboard, saksofon
Emilio Rudoy - bass
Laurent Planells - perkusjon