Sousou & Maher Cissoko

 

Saman i livet og musikken

Den prisvinnande duoen frå Senegal og Sverige kryssar grenser i musikken sin, på same måte som i livet elles. Den største drivkrafta er det å vere i konstant rørsle, og det å møte nye menneske. Maher var fødd til å spele kora, og Sousou er ein av få kvinnelege koraspelarar i verda.

Sousou & Maher Cissoko, frå Sør-Sverige og frå sør i Senegal, er ein av dei mest etterspurde verdsmusikk-artistane i Sverige, og har turnert i Canada, USA, Afrika, Asia og Europa, på alle typar festivalar, i klubbar og på store arenaer.

Både TV og radio i Sverige har laga dokumentarar om musikarparet, og då Youssou N’Dour mottok Polar Music Price, song Sousou & Maher han til tårer med to av songane hans, som dei framførte saman med den svenske hip hop-stjerna Timbuktu.

Både Sousou og Maher har vakse opp i musikkfamiliar, og det var interessa for og kjærleiken til den vest-afrikanske harpa, koraen, som førte dei saman. Ein vesentleg del av det å spele kora, er å føre musikktradisjonen vidare ved stadig å finne nye retningar for musikken. Sousou og Maher gjer dette ved å kombinere vakkert og intrikat koraspel med nydeleg song, rytmisk energi og impulsar frå reggae, folk, soul og jazz.

I tråd med kulturarven frå Cissoko-familien sin vest-afrikanske historieforteljar-tradisjon, er den viktigaste bodskapen at folk og land skal møtast og skape relasjonar, og ikkje lage grenser seg imellom. Duoen formidlar denne bodskapen på ikkje mindre enn fem ulike språk.

-Vi arbeider heile tida med å utvikle uttrykket vårt, lage våre eigne songar, opne hjarta våre og finne våre eigne stemmer. Tidene endrar seg og vi lever i ei globalisert verd der alt heng i hop. Vi ønskjer å halde fram med å hjelpe og spreie håp og kjærleik rundt i verda!

Den kreative duoen kjem også til Førde med sitt heilt nye Yoga-konsept, der du får gjere yoga til Maher sin levande koramusikk. Sousou er nemleg også yoga-instruktør!

Sousou Cissoko – gitar, kora, vokal

Maher Cissoko – kora, vokal

 

Arrangement:

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Røter

Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 5. juli kl. 09.00 Yoga med Sousou & Maher Cissoko

Yoga Sunnfjord (avgrensa plassar)



Laurdag 6. juli kl. 18.00 Sousou & Maher Cissoko

Festsalen, Førdehuset


Laurdag 6. juli kl. 22.30 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord hotell


 
Forrige
Forrige

Safaa Al-Saadi

Neste
Neste

Spöket i köket