Gjermund Larsen Trio

 

Melodiøst og vakkert frå ein av våre mest populære folkemusikktrioar

Sju år etter siste utgjeving kom endeleg Gjermund Larsen Trio med sin etterlengta oppfølgjar, Tøyen Sessions. Albumet vart påtenkt alt i 2019, men vart først gjort ferdig i Tøyenkirka i januar 2023. Kyrkja har vore øvingslokale for trioen heilt sidan oppstarten i 2005, så på denne plata er musikken heilt klart på heimebane.

Gjermund Larsen er ein av Norges mest kjende og kjære folkemusikarar. Med sitt leikne og kjensleladde felespel har han fanga eit breitt publikum som strekkjer seg langt utover det tradisjonelle folkemusikkpublikummet. I Gjermund Larsen Trio har han med seg Andreas Utnem på trøorgel/piano, og Sondre Meisfjord på kontrabass. Saman har dei sidan første utgjevinga i 2008 hausta lovord, jubel og ei rekkje prisar, som Spellemannprisen (2008), German phonographic critics award (2015) og TONO sin komponistpris (2016). Hausten 2023 lanserte dei sitt femte album, Tøyen Session, der all musikk som vanleg er signert Gjermund.

 

Gjermund Larsen – fele

Andreas Utnem – trøorgel, piano

Sondre Meisfjord – kontrabass

 

Konsertar

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Røter

Idrettshallen, Førdehuset


 Fredag 5. juli kl. 23.00 Gjermund Larsen Trio

Førde kyrkje

 

 
Forrige
Forrige

Gabriel Fliflet Band: I lys loge

Neste
Neste

groove&