Småviltlaget

Den beste gammaldansmusikken frå Røros

Småviltlaget er ei av dei mest populære gammaldansgruppene vi har her til lands, med eit energisk engasjement som smittar over på både dansarar og tilhøyrarar. Spelemennene, som kjem frå Røros og Hessdalen, er kjende for eit drivande godt samspel med bølgjande dynamikk og sug i rytmen.

Dei leverer godt i dei fleste taktartar, men pols-entusiastar har kanskje ekstra mykje å glede seg til!

Gruppa har vunne Landsfestivalen fleire gonger, kan skilte med Kongepokal, og for plata Pols fekk dei Folkelarmprisen i 2007.


Tron Steffen Westberg - fele
Jan Frostvoll - fele
Magne Eggen Haugom - fele
Rolf J. Feragen - trekkspel
Oddmar Kjerengvoll - trekkspel
Per Ivar Tamnes - gitar
Ola Kjerengvoll - bass


Torsdag 5. juli kl. 23.00  Danseglede!
Festsalen, Førdehuset

Kjøp billett på billettkontoret i Førdehuset.
Fri entré med festivalpass og billett til Opningskonserten. 


Fredag 6. juli kl. 21.00 Dans utan stans!
Festsalen, Førdehuset

Kjøp billett på billettkontoret i Førdehuset.
Fri entré med festivalpass og billett til Flamenco - 4 women 4

Forrige
Forrige

SON DEL NENE

Neste
Neste

Timbila Muzimba