Eventyrleg og fargerik multi-media framsyning om urfolk

I tre år har den prisvinnande australske filmskaparen og musikkprodusenten, Tim Cole og produsent og skribent Bao Bao Chen reist rundt på 16 øysamfunn frå Madagaskar til Hawaii, Taiwan til Aotearoa (New Zealand), og gjort lyd- og filmopptak av 100 artistar i sine opprinnelege kulturar. Dei tek deg på ei reise med heim til Charles Maimarosia på Solomonøyane, Alena Murang på Borneo, Yoyo Tuki på Påskeøya, Ado Kaliting Pacidal i Taiwan, Sammy Andriamalalaharijaona på Madagaskar og Ben Hakaliz på Papua New Guinea. Gjennom film og lyd - kombinert med levande musikk frå scena - blir vi kjende med musikarane på ein heilt spesiell måte og får eit innblikk i kulturar som er heilt ulik vår eigen. Bli med på den eventyrlege reisa til stadar og kulturar du kanskje ikkje visste eksisterte!

Charles Maimarosia - A’re A’re - Solomonøyane
Charles Maimarosia er tidlegare vokalist, koreograf og tekstforfattar i Narasirato Pan Pipe Band, og er godt van med å stå på dei store festivalscenene rundt i verda, også i Førde! Narasirato var eit eksotisk høgdepunkt på festivalen her i 2011. Charles er ein meister på bambusinstrument - som panfløytene awaa og au-rerepi, og har ei massiv stemme som når langt, også bokstaveleg tala.  

Alena Murang - Kelabit - Borneo
Alena Murang spelar sape og syng, og driv i tillegg til med visuell kunst. Ho er ein av dei aller første kvinnene som openlyst spelar det tradisjonelle strenginstrumentet sape frå Sarawak på Borneo og underviser andre i instrumentet. Murang er musikk-aktivist og prøvar å ta vare på musikktradisjonane på Borneo, til dømes i Sarawaks-, Kenyah- og Kelabit-stammane ved å bruke tradisjonelle songar i repertoaret sitt. Ho har turnert både i USA, Korea, Europa, Australia og Malaysia. 

Yoyo Tuki - Rapa Nui - Påskeøya
Yoyo Tuki er rekna som ein av dei fremste Rapa Nui-musikarane i Stillehavsområdet, og vert jamnleg invitert til festivalar. Med si fengslande stemme og moderne uttrykk, løftar han dei musikalske røtene sine inn i eit nytt landskap. Tuki er også kulturaktivist, og framstiller sitt eige folk som forvaltarar av sin eigen kultur, og ikkje dei som øydelegge den, slik det vert hevda i Vesten.

Ado Kaliting Pacidal - Amis/Pangcah - Taiwan
Songaren, TV-verten og aktivisten Ado Kaliting Pacidal er kjend for suksessen med plata ‘Sun and Moon’ og hovudrolla i den prisvinnande taiwanske filmen ‘Panay’. Uroa over at Pangcah-kulturen er i ferd med å bli borte, skriv ho tekstar om det, og hentar også folkesongar inn i repertoaret sitt. Pacidal er også produsent i urfolksTV og i fleire andre uavhengige prosjekt.

Sammy Andriamalalaharijaona - Merina - Madagaskar
Sammy Andriamalalaharijaona spelar lutt, og mange andre instrument, og er tidlegare kunstnarleg leiar for verdssuksessen Tarika Sammy, som hadde sin topp på 90-talet. Han er hekta på malagassiske instrument, og faktisk spelar han dei aller fleste av dei!

Ben Hakaliz - Selau - Papua Ny Guinea
Ben Hakaliz er ein høgt respektert mann i malaysisk musikk, med meir enn 30 år i bransjen. Han har leia fleire ulike grupper frå Papua New Guinea, og er, etter 20 år, framleis trommis i Yothu Yindi, som i sesongen turnerer festivalar rundt i heile verda. Ben Hakaliz er også ein ypparleg historieforteljar.


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster (Charles Maimarosia og Yoyo Tuki)
Jølstramuseet, Vassenden


Fredag 6. juli kl. 13.30 Small Island Big Song
Teatersalen, Førdehuset


Fredag 6. juli kl. 16.00 Møt artisten: Tim Cole og Bao Bao Chen - om Small Island Big Song-prosjektet.
Utstillingssalen, Førdehuset

FRI ENTRÉ


Laurdag 7. juli kl. 12.00 Familieverkstad: Song og dans med utøvarar frå Small Island Big Song-prosjektet

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Silje Onstad Hålien

Neste
Neste

SON DEL NENE