PÅ GEITEVIS

NY PRODUKSJON OG TINGINGSVERK

Barneframsyning basert på Aasmund Olavsson Vinje-tekstar

Kven var Aasmund Olavsson Vinje? Versa om Blåmann blåmann, geitebukken han leika med for nesten to hundre år sidan, har rørt eit heilt folk sidan tonar gav diktet vengjer året etter han sjølv døydde. Folket, det norske, var han så oppglødd over og glad i, men dei arga han inderleg òg. Han hadde store draumar for land og folk og han gjorde sitt for at draumen skulle sannast. Orda på folketunga skulle verta det nye skriftmålet. Som bladmann var han den fyrste til å setja Ivar Aasen sitt landsmål på prent i samfunnsordskiftet. Han dikta om bukkekje og om kjærleik så orda og vendingane hans enno er oss dagleg i minne.

‘På geitevis’ er ei atterføding av eit utval Vinje-tekster, til og for born i alle aldrar. ‘På geitevis’ er òg eit nytt musikkmøte. To jazzmusikarar og to folkemusikarar møtast i leik med ny musikk til gamle, men stadig unge ord. Daniel Herskedal sin virtuositet og fantasi på tubaen når store høgder, og musikkleiken hans har vekt åtgaum langt utover Noregs grenser. Dag-Filip Roaldsnes er ein av våre finaste jazzpianistar. Uttrykket hans er eigenarta, granskande og søkande. Folkesongar Unni Boksasp har sunge seg inn i mange hjarte med si klangfulle klåre nordmørske røyst, si solide kunstnarlege kunnen og leikande uttrykk. Saman med Kvernberg og Unni Boksasp Ensemble tok ho i mot Spellemannprisen 2010. Jorun Marie Kvernberg kjenner vi både som solist, og som ringrev i nyskapande Majorstuen. Hennar nærleik  og delande kraft set merke hjå dei som høyrer. Som komponist har ho synt stor vokster dei siste åra. No sist som den norske komponisten i storverket Nordic Sound Folk Orchestra - fjorårets sagnomsuste opningskonsert på Førdefestivalen. 

Anbefalt aldersgruppe: 1.-7. klasse.
 
Idé og produksjon: Førdefestivalen, i samarbeid med Den Kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane. 

Støtta av Norsk Kulturråd.

JORUN MARIE KVERNBERG - produsent, komponist, fele, hardingfele, song
UNNI BOKSASP - song
DAG-FILIP ROALDSNES - piano
DANIEL HERSKEDAL - tuba

Manus: Fridtjov Urdal og Tore Nysæther

Regi og scenografi: Tore Nysæther

 


Torsdag 5. juli kl. 17.30 Barneframsyning: ‘På geitevis’
Festsalen, Førdehuset


Fredag 6. juli kl. 18.00 Barneframsyning: ‘På geitevis’
Festsalen, Førdehuset

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Op sødeste sang

Neste
Neste

Silje Onstad Hålien