Fliflet/Hamre

Tek publikum med storm med leikelyst,  innleving og ein dose kreativ galskap!

I musikken til Fliflet/Hamre står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske ettertenksame tonar, norske kystmelodiar og italienske partisansongar. Og Harald Sæverud vert dregen med på 9-takts-kalas hos serbiske romfolk. Innimellom let Ole Hamre trommene kvile, og lagar vakker og uhøyrd musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument, hamrofonen - eller tek på seg steppeskoa!

Duoen skildrar med eit skeivt smil at målet deira er å hente verda heim til Bergen - og gjere noko med ho. Dei fører saman musikk av ulikt opphav, og skaper eit eige, personleg landskap. Om folk har lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar, let dei seg villig føre rundt i den fargerike hagen deira. Kontrastane er store, men opplevinga heil.

Fliflet/Hamre har gjeve ut platene Ivar Aasen goes Bulgaria, Moro post mortem – live, Gabriole og Eine kleine Kraftmusik. På oppdrag frå NRK 1 laga dei to venene i 1996-97 TV-serien "Fliflet/Hamre Kraftakvarium". Desse programma er tilgjengelege på www.nrk.no.

Fliflet/Hamre har turnert Norge rundt og utanlands i snart tre tiår, og er publikumsyndlingar av rang!

Gabriel Fliflet er òg sjølvskriven vert når folkemusikklubben hans «Columbi Egg» flyttar til Førde under festivalen, og han er òg programleiar for «Nordisk klubb» på laurdagskvelden.

Gabriel Fliflet - trekkspel, vokal
Ole Hamre - trommer, hamrofon, melodika, vokal, dans


Fredag 6. juli kl. 21.00 Columbi Egg (Gabriel Fliflet)
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Laurdag 7. juli kl. 22.30 Nordisk klubb
Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa        


Søndag 8. juli kl. 12.00 Fliflet/Hamre
Rytne gard, Bygstad

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Flamenco - 4 WOMEN 4

Neste
Neste

FRIGG