FANFARE CIOCÂRLIA

Brassband i verdsklasse!

Gløym ‘balkan beats’, gløym hypen, for her kjem dei ekte sakene: Fanfare Ciocârlia er eit av dei beste konsertbanda i verda. Med sin originalitet og energi har dei skaffa seg fans frå Melbourne til Memphis, frå Tokyo til Toulouse. Musikken har dei ‘arva’ etter fedre og bestefedre, og ikkje berre den, men også innstillinga om at når dei står på scena handlar det om to ting: For det første, å underhalde publikum. Og - for det andre - å halde levande romfolket sin fantastiske og sterke musikktradisjon.

Når Fanfare Ciocârlia - brassbandet frå den ‘gløymde’ landsbyen Zece Prajini nordaust i Romania - står på scena, får publikum 100% sigøynarmusikk. Zece Parjini ligg som ein isolert landsby, der rundt åtti rom-familiar driv jordbruk etter gamle metodar. Under kommunismen hadde dei ingen kontakt med verda utanfor. Her levde den gamle ottomanske brass-tradisjonen med militærkorps, og korpsmusikk i bryllaup og gravferder, lenge etter at den hadde døydd ut i resten av Romania. Så, då Henry Ernst, ein ung, tysk musikkentusiast vandra inn i landsbyen i 1996, fann han ein musikktradisjon han med ein gong visste verda utanfor ville ta imot med opne armar. Og frå 1997 har det vore tilfelle. Fanfare Ciocârlia er ein internasjonal suksess av dimensjonar - med ein popularitet som kryssar absolutt alle sjangergrenser. Dei jobbar knallhardt for å halde seg i toppform, og verkar ustoppelege. Fanfare Ciocârlia spelar fortare, tøffare, funkyare og råare enn dei fleste andre brassband, og vil gjere alt for å skape fest i parken på Festplassen laurdag 7. juli.

Benedikt Stehlescu - perkusjon
Constantin Calin - horn, tuba
Costel Ursu - tromme
Costicã Trifan - trompet, vocal
Dan Ionel Ivancea - saksofon
Laurentiu Ivancea - horn
Monel Trifan - tuba
Oprica Ivancea - klarinett, saksofon
Paul Marian Bulgaru - trompet
Radulescu Lazar - trompet, vokal


Laurdag 7. juli kl. 15.30 Fanfare Ciocârlia
Festplassen, Førde

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Festivalutstilling: Livets dans - dans i kvardag og fest

Neste
Neste

Flamenco - 4 WOMEN 4