Danyel Waro

Maloya-kongen klar for Førde!

Musikar, poet, instrumentmakar og lærar; ein udiskutabel meister av kreolkulturen. Og ein sta anti-kolonialist og anti-fascist, til tider militant.. Danyel Waro er ein sentral person på øya La Réunion - med eit politisk engasjement som framfor alt kjem gjennom i musikken hans. Den store poeten forsvarar maloya-tradisjonen på ein rett fram måte, med enkel og tydeleg språk. I 2010 vart han tildelt den store musikkmessa Womex sin ærespris for arbeidet sitt.

Maloyamusikken er den reunionske bluesen, sungen av plantasjearbeidarane på øya, og med røter i Afrika, på Madagaskar og i India. No er musikkforma på Unesco si liste over ‘Masterpieces of Intangible Culture’, men den  var forboden av dei franske koloniherrane heilt fram til på 70-talet. Utover i 70-åra gjorde fridomskjemparane maloya til sin musikk og på 80-talet tok det heilt av. Ein av dei som kjempa hardast for maloyaen, var Danyel Waro. Han har mykje av æra for maloya ikkje gjekk tapt, men vann tilbake sin rettmessige plass som ein viktig kulturarv for folket på Réunion.

Tenk på det når Danyel Waro og musikarane hans går på scena. Ingen andre brenn meir for akkurat denne musikken enn den kvithåra energiske mannen som spelar kayamb som han aldri har gjort anna. Han har maloya i blodet, i hovudet og i hjartet. Det merkast når han òg musikarane hans inviterer oss til fest på dansegolvet med suggererande rytmar og fengande spørsmål-svar-songar.

Danyèl Waro - vokal, kayamb
Stéphane Gaze - vokal, sati, bob
Jean-Dider Hoareau - kayamb, vokal
Gilles Lauret - vokal, triangel
Mika Talpot - vokal, rouler


Fredag 6. juli kl. 10.00 Barneverkstad med Danyel Waro
Eventyrrommet, Førdehuset


Laurdag 7. juli kl. 18.00  Møt artisten: Danyel Waro
Utstillingssalen, Førdehuset      

Fri entré


Laurdag 7. juli kl. 23:00 Dansefest med Danyel Waro og Muchacho & Los Sobrinos
Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Daniel Lazar og Almir Meskovic

Neste
Neste

Dei gamle er eldst - Silje Onstad Hålien