Vrang

 

Den standhaftige tinnsoldat

Vrang har spelt saman i 8 år og viser korleis folkemusikk kan formidlast på fleire plan, både til dei som kjenner folkemusikk frå før, og til eit nytt publikum. Dei siste åra har Vrang eksperimentert med å setje felespelet inn i nye samanhengar. Kvar for seg har Tuva Færden og Maja Gravermoen Toresen lang erfaring i dans og scenekunst, Jon Hjellum Bordal har fleire år med filosofi bak seg, og dei er alle utdanna ved Norges Musikkhøyskole. Som trio likar dei å vri og vrenge på ting, med det resultatet at du ofte ikkje anar kva som skjer rundt neste sving. Det musikalske uttrykket er intenst og nært. Dette er tre musikarar som har lett for å kommunisere med kvarandre - og med publikum.

Vrang var norske deltakarar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 2014, og no er dei tilbake på festivalen med konsertframsyninga som byggjer på HC Andersen sitt kjende eventyr Den standhaftige tinnsoldat. Dette er eventyret om den forelska soldaten og hans ballerina som held ut det meste for kjærleiken, og her får du sjå Vrang ta ut sitt det beste frå sine mange talent, både som musikarar, dansarar og historieforteljarar.

 
 

Maja Gravermoen Toresen – fele, hardingfele, vokal og autoharpe
Tuva Færden – fele, hardingfele og vokal
Jon Hjellum Brodal – fele, hardingfele og vokal

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 18:00
Barnekonsert: Den standhaftige tinnsoldat
Festsalen, Førdehuset

NorgeTorill Gundersen