Mokoomba

Foto: Eric Van Nieuwland

 

Musikk-dynamitt frå Zimbabwe

På si siste plate, Luyanda, tek musikkometane Mokoomba oss med til røtene sine, til hjartet i den zimbabwiske kulturen, nærare bestemt til heimbyen deira, Victoria Falls. Byen har namnet sitt frå den spektakulære fossen i Zambezi-elva like ved. Den mektige elva renn gjennom fem land, og er sjølve symbolet på den mangfoldige floraen av lokale kulturar i Aust-Afrika.

Dei unge musikarane i Mokoomba, som betyr «stor respekt for elva», har teke verda med storm med sin vibrerande og livsglade musikk; ei blanding av lokale musikktradisjonar og element frå moderne zimrock.

På Luyanda har bandet teke ei meir akustisk retning, og her går dei djupare inn i sin eigen musikkarv og ulike kulturar i og rundt heimbyen Victoria Falls. Mokoomba tek oss med på ei reise inn i ei verd av musikk og tradisjonar som står i fare for å forsvinne. Med tekstar om tradisjonelle seremoniar og historiar frå jakt og kvardagsliv, rettar dei søkjelyset mot historia og dagleglivet til Tongafolket, ei av dei minste folkegruppene i Zimbabwe. På 50-talet vart landsbyen dei budde i, flytta for å gje plass til Kariba-demninga, ein av dei største i verda. Dei fekk nytt land, og store lovnader; men framleis ventar dei på å bli tilknytta både straum- og vassnettet.

Trass i eit alvorleg historisk bakteppe, formidlar Mokoomba ein livsglad, energisk og lett tilgjengeleg musikk. Dei har tru på dei gode kreftene, og med musikken formidlar dei eit inderleg ønskje om å skape ein atmosfære der vi alle kan møtast i håpet om ei betre verd. Dette er musikk for alle, i alle aldrar!

 
 

Ndaba Coster Moyo - tromme, vokal
Abundance Ephraim Mutori - bass, vokal
Donald Moyo - tangent, vokal
Miti Mugande - perkusjon, vokal
Mathias Muzaza - perkusjon, vokal
Trustworth Samende - gitar, vokal

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 19:30
Mokoomba (inkl. Dansen går i Førdehuset)
Førdehuset, Idrettshallen


Forrige
Forrige

Mamadou Diabaté

Neste
Neste

Molsky’s Mountain Drifters