Gudbrandsdølenes Spelmannslag

Foto: Thor Hauknes

 

Tradisjonell og nyskriven gammaldansmusikk frå Gudbrandsdalen

Gudbransdølenes Spelmannslag spelar tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen, og er eitt av dei mestvinnande spelemannslaga i Norge i landskappleiksamanheng.

Alle medlemene er gudbrandsdøler som held til i Oslo,. Spelmannslaget arbeider med å finne essensen i gudbrandsdalsmusikken, og ønskjer å bruke dei lokale finessene frå ulike lokale tradisjonsområde i Gudbrandsdalen. Ved å ta utgangspunkt i den solistiske tradisjonen eksperimenterer dei med nyansar i samspelet, som ornamentikk, eldre tonalitet og strøkvariasjonar. På denne måten har dei klart å få fram eit eige musikalsk uttrykk som spelemannslag. Dei har fokus på å halde på det dansbare og dei rytmiske særtrekka i eit genuint uttrykk, å finne balansen mellom det arrangerte, innøvde og det spontane og leikne. I 2015 gav dei ut plata OSLO, med både gammal og ny musikk frå heimtraktene.

På Førdefestivalen vil utøvarar i Gudbrandsdølenes Spelmannslag utgjere stammen i det store prosjektet Nordic Sound Folk Orchestra, og i tillegg byr dei opp til dans i Førdehuset!

Musikalsk leiar for spelmannslaget er Aslak Brimi.

 
 

Aslak Brimi - fele
Sigrun Dyvik - fele
Selma French Bolstad - fele
Olaug Furusæter - fele
Sigrid Graedler Listuen - fele
Trude Hagaseth - fele
Kari Marte Haugstad - fele
Helene Høye - fele
Gunn Inga Tofsrud - fele
Guro Kjorstad - fele
Thea Marie Ytterdal - fele
Bjørn Kåre Odde - fele
Ingrid Olstad - fele
Johannes Selvaag - fele
Mari Skeie Ljones - fele
Sigrid Stubsveen - fele
Ingeborg Ulberg Sommer - fele
Ingunn Ulberg Sommer - fele
Hallgrim Ulvik Haug - fele
Elise Wessel Hildrum - fele

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 21:00
Dansen går i Førdehuset - fredag
Festsalen, Førdehuset

Billett til Dansen går i Førdehuset er inkl. i billett til Mokoomba. 

Enkeltbillett til Dansen går kjøper du på billettkontoret i Førdehuset. 


Forrige
Forrige

Gabriel Fliflet

Neste
Neste

Hamid Sakhizada